Faksimile fra artikkelen

Kommentar

Korleis kan Dagbladet forsvara å prenta denne reportasjen – jamvel over seks sider?

Masterstudent Magnus Bernhardsen har faktasjekka Dagbladet. No rykker avisa ut og beklagar.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • MAGNUS BERNHARDSEN, masterstudent i nordisk litteratur. 
  • PS! Medier24 gjør oppmerksom på at Dagbladet har fått denne kronikken oversendt i forkant, for å gi sin samtidige imøtegåelse. I ettertid har avisen beklaget artikkelen. Se deres tilsvar nederst i saken.

Espen Lee er Noregs mest kjende pengeinnkrevar og leigesoldat. 30. juni publiserte Dagbladet ein reportasje der han og Gunnar Hultgreen reiste til Belfast for å gå opp fotspora etter eit oppdrag Espen Lie, som han heitte den gongen, skulle ha gjennomført for britisk og norsk etterretning.

Magnus Bernhardsen.

Vinklinga i saka er at Espen Lie vart svike i Belfast, og måtte klara seg sjølv , slik som Frode Berg må no.

Grunnen til dette gjer Dagbladet klårt alt i overskrifta:

Flyktet for livet med IRA i hælene da han ble avslørt som hemmelig agent på Stortinget.

Avsløringa på Stortinget var det Oddmund Hammerstad som skulle ha stått for, så han blåste namnet til Espen Lie i ei høyring om Lund-rapporten, nett medan Espen Lie sat i eit møte med leiinga i IRA på puben The Red Devil på Falls road i Belfast for å fullføra ein våpenhandel.

«Det var tidligere statssekretær Oddmund Hammerstad som avslørte på Stortinget i en høring om Lund-kommisjonen, at Espen Lee var på hemmelig oppdrag.» skriv Dagbladet. «Hammerstad var ikke klar over at Lee var i Belfast akkurat da og forhandlet med IRA.»

Høyringa der Hammerstad snakka om Espen Lie føregjekk 13. januar 1997.

Espen Lie måtte rømma Belfast og praia ein båt frå Dublin til Liverpool, seier han. I lang tid var han redd for at IRA skulle koma etter han.

Men kva sa Espen Lie til Bergens Tidende 18. januar 1997, altså fem dagar etter høyringa på Stortinget?

Vi skulle kanskje venta at han heldt seg unna media, med IRA på hælane og alt. Men til Øyvind Holen seier han at han hadde fått eit oppdrag om å stela våpen i Østfold i 1992, og selja dei til IRA, for å finna ut korleis norske våpen hamna hjå IRA.

Men: «Lie sier videre at operasjonen aldri ble gjennomført. I februar/mars 1992 mistet Lie sine kontakter i London og Belfast».

Og vidare:

«Jeg trodde at jeg jobbet for Overvåkingspolitiet, og at operasjonen hadde klarering fra Forsvarets etterretningstjeneste, sier Lie i dag. Han er langt villigere til å snakke om saken i dag enn i 1992. - Nå har Hammerstad gått offentlig ut med saken, så da føler jeg at jeg kan snakke mer om dette.»

Det er altså ikkje så rart at Hammerstad ikkje var klar over at Lie akkurat der og då forhandla med IRA, ettersom dette jo skulle ha føregått fire eller fem år før han var på høyringa. Men korleis visste Hammerstad om dette , då?

Jo, 13. november 1992 vart eit bilete av den britiske etteretningsoffiseren John Venning og Espen Lie trykt på framsida av VG.

Dei to var på eit hemmeleg møte på Cafe Caravelle på Fornebu. VG hadde brukt månader på å spana på Espen Lie. 23. november får dei eit intervju med Espen Lie der han fortel om korleis han i 1991 vart verva av ein offiser han kjende frå UNIFIL til eit oppdrag for etteretningstenesta.

Han hadde møte med John Venning i august, og Lie hevdar at Venning ville ha han til å stela våpen i Østfold for å selja dei til IRA. Operasjonen vert sett på vent , og i mellomtida snakkar Lie med ein kontakt i overvåkingspolitiet som rår han frå å gjennomføra dette.

Så vert det ikkje noko meir av saka, men Lie vil stå fram: «At hysj-tjenesten nekter for dette, er den direkte årsak til at jeg står fram.»

Dette vert ei stor sak i 1992. Offiseren som verva Lie vert fjerna frå stillinga si, til dømes.

Men i Dagbladet 30. juni står det at Espen Lie er på møte med IRA i Belfast hausten 1993. Eit år etter at biletet av han som agent var på framsida av VG.

Og då skal han ha vorte oppringt midt under eit møte, med informasjon om at Hammerstad fire år seinare ville blåsa namnet hans i ei høyring.

«Agenten – ofret av de hemmelige tjenestene» skriv Dagbladet i papirutgåva. Det er altså ingenting som tyder på det. Offiseren som verva Lie gjorde visstnok dette på eige initiativ, og uansett var jo ikkje Lie i noko møte med IRA i Belfast.

Det er så mange feil og manglar i saka i Dagbladet at det er uråd å nemna alt. Årstalet vekslar mellom 1992 og 1993 – og Espen Lee har tidlegare sagt at det heile fell i fisk i 1991.

Hammerstad vert omtalt som statssekretær i Forsvarsdepartementet då han skulle ha blåse Lie. Hammerstad var statssekretær frå 1981-1986, så kanskje dette skjedde endå tidlegare?

Rotet med detaljar kjem i eit merkeleg lys når Espen Lee kan hugsa at han fekk eksakt 5193 kroner til flybillett til London frå MI6. I 1992 var han mindre oppteken av kronebeløpet, då sa han at han fekk 5400 kroner.

Eg humra godt då eg prøvde å sjå for meg Espen Lie i eit møte med leiinga i IRA i 1992 der han plutseleg må ta telefonen… Eit stort drog av ein mobiltelefon. Og skal vi verkeleg tru at han hadde fått sitja på eit møte med leiing i IRA med sin eigen mobiltelefon påslått?

Meiner Dagbladet at det er grunnlag for å seia at Stortinget avslørte Espen Lie medan han var i eit møte i Belfast, og at dei hemmelege tenestene dinest ofra han? Avisa skriv dette eksplisitt, utan atterhald.

Det er alvorlege klagemål avisa kjem med, og ein skulle kanskje ha forventa at dei tok dette opp på leiarplass.

Korleis kan Dagbladet forsvara å prenta denne reportasjen – jamvel over seks sider?

Den fell i hop ved dei enklaste faktasjekkane ein kan gjera. Kva dato snakka Hammerstad i høyringa om Lund-rapporten?

Med det eine spørsmålet ville saka vore over. Men kritiske spørsmål var det ikkje plass til denne gongen, og ein Espen Lie får fantasera fritt om tida si som «etteretningsagent».

Dagbladet beklager artikkelen

  • Dette skriver Dagbladet i etterkant av å ha lest denne kronikken. Sjefredaktør Alexandra Beverfjord gjør Medier24 oppmerksom på at de begynte å ettergå saken også før kronikken kom.

Dagbladet publiserte 30. juni 2018 en artikkel om eks-leiesoldat og pengeinnkrever Espen Lee. Artikkelen inneholder opplysninger som ikke er korrekte.

Dagbladet publiserte 30. juni 2018 en artikkel om Espen Lees dramatiske flukt fra IRA. I artikkelen står det påstander om at det var tidligere statssekretær Oddmund Hammerstad som «outet» Espen Lee, mens pengeinnkreveren var i møte med IRA. Årstallet som oppgis i artikkelen om at kontakten mellom Espen Lee og IRA skulle ha skjedd i 1993, er heller ikke riktig.

- Jeg fortalte på Stortinget om Espen Lee og hans oppdrag for E-tjenesten i 1997, under høringene om Lund-kommisjonen, sier Oddmund Hammerstad til Dagbladet.

Espen Lee sier til Dagbladet at han husker situasjonen på begynnelsen av 90-tallet annerledes:

- Jeg var på oppdrag for britiske MI5, formidlet av den norske av den norske E-tjenesten i Belfast. Mitt oppdrag var å finne ut hvordan IRA hadde fått tak i norske militære våpen, og brukt våpnene i terrorangrep. Mens jeg satt i samtaler med IRA, ble jeg oppringt av journalist i VG som fortalte at jeg var «outet» på Stortinget, sier Espen Lee til Dagbladet.

- Jeg har hele tiden trodd at det var statssekretæren som hadde «outet» meg. Hvis det er feil, er det beklagelig. Jeg er helt sikker på at journalisten fortalte at jeg var blåst, og at navnet mitt var kjent på Stortinget. Det var derfor jeg flyktet fra Belfast, sier Espen Lee.

Dagbladet kan ikke verifisere påstandene i saken. Dagbladet beklager at vi har publisert opplysninger som ikke er korrekte.

Powered by Labrador CMS