TV 2-reporter Kjetil Iden.

#MinMetode

Kraftige inntrykk av massegraver og likbrenning i 2010 sette sine spor hos TV 2-reporter Kjetil Iden

Utanriksreporter Kjetil Iden i TV 2 fortel om sine journalistiske metodar i Medier24 si spalte #MinMetode.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I spalta #MinMetode ynskjer Medier24 å få journalistar til å fortelje om sine metodar og tankar om korleis journalistikk best utførast.

Denne gang er det TV 2-journalist Kjetil Iden som svarar på Medier24 sine ti spørsmål om alt frå undervurderte kvalitetar, kjelderelasjonar og sitatsjekking.

– Kva er din viktigaste eigenskap for å setje dagsorden?

– Som utanriksreporter i ein norsk tv-kanal er det vel i stor grad internasjonale hendingar som styrer dagsorden. Har likevel fått privilegiet å følgje britisk politikk og samfunnsliv i ei årrekke, noko som har vore spesielt interessant etter folkerøystinga om EU-spørsmålet. Føler at eg i dekninga her endeleg har fått nytte av fagleg bakgrunn frå engelsk mellomkrigslitteratur og eit utal timar med Frank Aarebrot på samanliknande politikk. Viktigast er vel kanskje ei viss evne til å kunne omsetje kompliserte samfunnsmessige samanhengar til ei kort tv-forteljing, som forhåpentlegvis kan gjere folk litt klokare.

– Kva kvalitetar er dei mest undervurderte som journalist?

– Den klassiske tv-reportasjen er sterkt undervurdert og feilaktig stempla som lite eigna til å fortelje større samanhengar. Særleg innan politisk journalistikk slepp ein unna med mykje ræl. Ofte ser vi tilfeldige bilete og ein speak som handlar om noko heilt anna enn bildeforteljinga. Heilt konkret; skal du snakke om kvifor nord-engelske, etnisk kvite menn over 50 år med arbeidarklassebakgrunn hoppar over til dei konservative i hopetal, så må du faktisk stå i fattigstrøket i nord-England og snakke med etnisk kvite menn over 50 år frå arbeidarklassa. På den måten får du komprimert all tilleggsinformasjonen du ikkje har tid til å fortelje i teksten over i bildeforteljinga. Etnisitet, alder, kjønn, klasse og geografi. I tillegg er dramaturgi og bildeforståing heilt vesentleg som tv-reporter. Får du bilde, location og intervjuobjekt til å dra historia i den retninga den skal, har du utgangspunkt for å kunne lage ein liten tv-symfoni.

– Kva kvalitetar er dei mest oppskrytte som journalist?

– Å runde alle nettaviser før klokka har slått sju om morgonen.

– Kva føretrekker du å jobbe med: Breaking news eller lengre reportasjar? Kvifor?

– Ja takk, begge deler! Ved breaking news, som til dømes grottedramaet i Thailand, eit jordskjelv eller terror, blir det stilt store krav til direkte munnleg forteljeevne. Det er utfordrande og krevjande å direkte kunne vise korleis ein ny bit informasjon endrar historia, eller å sette nye opplysningar inn i ei lengre forteljing. Når det skjer direkte er fallhøgda stor, og ekstra kjekt når du får det til. Men breaking news er «sendt og glemt». Det som skjedde for ei veke sidan er gammalt nytt. Har du derimot laga lengre tv-reportasje, som til dømes dei eg har fått jobba med opp mot britisk politikk, blir den ståande på ein annan måte.

– Kva er din mest utradisjonelle måte å finne gode saker på?

– Det er vel kanskje den mest tradisjonelle av alle; å snakke med folk. I motsetnad til mange andre journalistar, bur eg framleis i eit lokalsamfunn der eg har familierøtene mine. Eg kjenner ekstremt mange folk som aldri er i media og det offentlege sitt søkelys, gjerne av den utskjelte såkalla «vanlege» typen det blir ironisert over i media. Mitt inntrykk er at altfor mange journalistar heng rundt med altfor like, passe utdanna, godt lønna folk med same interesser og politiske haldningar. Og så blir ein overraska når folk mange stader er fly forbanna. Enten for at skattesystemet i aukande grad blir aktivitetsbasert slik at det rammar urettferdig, eller øydelegging av naturområde for å sende pengar til Cayman Island, eller storstilte nedbygginga av distrikta knapt utan politisk debatt. Heng ein berre saman med ei bestemt gruppe kjem slike ting kanskje overraskande.

– Kva er dine beste triks for å bygge eit bredt og relevant kjeldenettverk?

– Vær ein ok fyr! Står du åleine på gata i Thailand som eit arrogant surtryne og skal rapportere heim er det vanskeleg. Men er du litt grei, så slår karma il! Plutseleg har du fått ein produsent i thailandsk tv som venn, samt sjåførane og speidarane til alle tv-selskapa. Då er det ikkje umogleg at ein liten nyheitskanal i Norge faktisk kan ha breaking news globalt på at dei to første gutane endeleg er berga ut av grotta, og det dramaet heile verda følger i spenning kan få ein lukkeleg slutt. Det er alltid viktig å behandle folk bra. Ein dag pratar du kanskje med ein geriljaleiar frå Nuba-folket i Sør-Sudan. Den same fyren kan du treffe igjen ei natt på stranda på Lesvos, eller på gata i Bergen eit par år seinare.

– Korleis handterer du motstand frå kjelder som føler seg urettferdig behandla?

– Eg opplever sjeldan av kjelder kjenner seg urettferdig behandla. Kanskje det skuldast at eg har vore for lite kritisk og for snill med kjeldene? Eg prøver uansett alltid å møte folk med respekt, sjølv om eg veit at dei i folk sine auge har «skurkerolla» i historia vi lagar.

– Kva sak er den mest krevjande du har laga so langt?

– Ti dagar på steingolv i jordskjelvområdet på Haiti i 2010, nesten utan søvn sat lenge i både kropp og sjel. Stadige etterskjelv gjorde at vi vakna heile tida og måtte styrte ut av rommet. Vi var fire mann der, og vi snubla ofte over kvarandre på veg ut. Kraftige inntrykk av massegraver, likbrenning og generelt kaotiske tilstandar gjorde oss vel ekstra frynsete, og det tok eit par år før eg sov ei heil natt igjen. I ettertid burde vel kanskje både eg og andre ha handtert det litt annleis.

– Kva er dei største misoppfatningane folk har til journalistar?

– Sett vekk frå dei openberre konspirasjonsteoriane på begge sider av den politiske skalaen er eg ikkje sikker på om folk har så store misoppfatningar av journalistar.

– I USA innførte New York Times forbod mot sitatsjekk i 2012. Meiner du norske medium bør gjere det same? Kvifor eller kvifor ikkje?

– Eg prisar meg lukkeleg for å jobbe tv, slik at det ikkje er diskusjon om kva som er sagt. Her er jo heller problemstillinga at intervjuobjektet kan meine det er tatt ut av samanheng, eller at det er ein liten bit av eit intervju. Det siste er jo som oftast tilfelle, i og med at ein tv-reportasje på hovudnyheitene er kort og har gjerne har ein klar vinkel. Forstår godt mange aviser ser det som praktisk umogleg i forhold til publisering. Dersom ein politikar i tillegg endrar sitatet i ettertid blir jo sitatsjekken absurd.

Powered by Labrador CMS