Jens Kihl, kommentator i Bergens Tidende.

Kommentar

Kva skjedde i presseklubben?

«Kva var det eigentleg som skjedde då halve Facebook (og heile Twitter) delte Jon Hustads oppkok i helga? Det måtte då vere lett å sjå at det var mykje der som aldri burde stått i ei avis?». skriv Jens Kihl.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er klart det er gøy å lese noko som har den pirrande tittelen "Gruppesex i presseklubben" (sjølv om det er lett å bli sur for at ein sjølv ikkje var invitert, så klart). Men dei fleste som har følgt metoo-sakene i politikken det siste året må vel ganske raskt sjå at teksten inneheldt temmeleg frie spekulasjonar?

Kristin Clemet delte saka (på Twitter) og skreiv «Jon Hustad i Weekendavisen om det som skjer i Norge». Kva meinast med det? På direkte spørsmål svarer ho at teksten er «Ganske underholdende og ganske spekulativt».

Aslak Nore skreiv (på Twitter) at «Jon Hustad er som vanlig vittig i Weekendavisen». Bjørgulv Braanen meinte «Jon Hustad er morsom her» og Erik Stephansen sa seg einig.

Asle Toje skreiv (på Facebook) at «Hvis ikke andre land vil rapportere om Noreg, får vi gjøre det selv - og få rapporterer bedre enn Jon Hustad». Toje er ein av dei som har oppdatert posten og peika på kor svak teksten er. Det tener han til ære.

Harald Birkevold skriv (på Facebook) at «Jeg synes det hører til god skikk at de som delte den opprinnelige saken (og ikke har slettet den) bør dele eller i det minste anerkjenne den nye, der beklagelsen framgår», og det synst eg i grunnen han har rett i.

No blir dette sikkert lesen som at eg mot Hustad fordi vi står frå kvarandre politisk. Sånn er det ikkje. Hustad er ein av landets beste journalistar, og det meiner eg også etter denne teksten.

Powered by Labrador CMS