Lars Nyre skriv svar til Trygve Aas Olsen.

Debatt

Kvardagen i Mediebyen er meir nyansert enn det Trygve Aas Olsen legg opp til

«Aas Olsen er også oppgitt over kor hip og kul Mediebyen ynskjer å vera. Men eg kan garantera at det skjer mykje som er keisamt og typisk norsk i Mediebyen», skriv professor Lars Nyre.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • LARS NYRE, professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen og professor II i medievitskap ved Universitetet i Stavanger.

Trygve Aas Olsen harselerer med den dårlege engelsken i Media City Bergen. Det er nyheita om etableringa av «Journalism Lab» som får han til å tenna. Han kjem også med nokre generelle ballespark mot den liksom hippe og kule sjølvforståinga til folka i Mediebyen. Dyr husleige er det attpåtil.

Kvardagen i Mediebyen er meir nyansert enn det Aas Olsen legg opp til. Eg arbeider som faglærar på Universitetet i Bergen si medieutdanning i Mediebyen, og opplever det som ein vanleg og ganske traust jobb. Bybanen er alltid stappfull og det regnar vanlegvis så fælt at eg må springa frå dør til dør.

Mediebyen er ein god stad for verdiorienterte medievitarar som meg. Eg er nemleg oppteken av å styrka vilkåra for norsk språk og kultur i digitale medier i framtida, og kan ikkje førestilla meg ein betre stad å jobba for dette målet.

Eg driv med både forsking og undervisning innan medieinnovasjon. «The horror», tenkjer sikkert Trygve Aas Olsen når han ser ordet innovasjon. Eg skulle sagt «nyvinning». Og alle som jobbar i Mediebyen skulle ha skrive god bokmål og nynorsk.

Men godt språk er faktisk ikkje det viktigaste når ein er travelt opptatt med å forsøka å gjera noko nytt i skjeringspunktet mellom norsk og internasjonal medieverksemd. Mange av dei som arbeider med medie- og kulturutvikling i Mediebyen kjem frå framande land som Belgia, Vietnam, Ukraina, Tyskland og Egypt. Ei av verksemdene har folk frå 21 ulike nasjonar i staben.

Me snakkar saman på tvers av språk og bransjar for å laga løysingar som kanskje kan konkurrera med Google eller Netflix ei gong i framtida. Små gründerverksemder som driv med auka røynd (AR) eller kunstig intelligens må bruka engelsk både for å finna dyktige medarbeidarar og for å få ein marknad for produkta sine.

Engelsk er eit lingua franca for alle dei bergensarane, bygdefolka og utlendingane som har funne vegen til Lars Hillesgt. 30 for å jobba med medieutvikling. Me bryr oss ikkje om Received Pronunciation og taklar både Norwenglish og Vietenglish.

For 500 år sidan knota det internasjonale fagmiljøet på latin. I renessansen og byrjinga av opplysningstida var latin eit lingua franca for fysikarar, biologar og humanistar. Dei var også meir opptekne av å utvikla nye ting enn å føra eit korrekt språk. Og opplysningstida fekk jo positive ringverknader sjølv om latinpolitiet sikkert irriterte seg over det dårlege språket.

Aas Olsen er også oppgitt over kor hip og kul Mediebyen ynskjer å vera. Men eg kan garantera at det skjer mykje som er keisamt og typisk norsk i Mediebyen. I NRK Hordaland snakkar dei dialekt og skriv nynorsk, og mange av sakene i BT er så lokale at dei berre vert lest av folk i Ytre Arna. Studentane på UiB må lesa norskspråkleg pensum i nyheitskriterier og offentlegheitsteori, og dei må skriva kode til dataprogram som lagar statistikk av datasett. Gjesp og dobbelgjesp!

Når eg innimellom er i London eller New York tenkjer eg litt som Aas Olsen. Det var då voldsomt kor flotte bygningar dei har, og husleiga er sikkert også unødvendig høg. Kunne ikkje London School of Economics heller halde til i ein forstad med billig husleige! Kven trur dei eigentleg dei er?

Etterkvart pleier eg å innsjå at det er ganske naturleg for slike institusjonar å vera midt i byen, og at det sikkert føregår mykje kvardagsleg strev bak dei flotte fasadane. Då føler eg meg provinsiell og må motviljug innrømma at eg nok er litt misunneleg.

Powered by Labrador CMS