Mohobo Abdinur Hussein (1) med moren Shugri Mohamud Jama ved vannutdelingen til Kirkens Nødhjelpi Ussgure i Puntland.

DEBATT:

Kvifor skal journalistane omtale krisene når det tilsynelatande ikkje blir lagt nok ressursar i å spele opp til det i media?

Organisasjonar som Kirkens Nødhjelp kan også ha godt av å gå i seg sjølve, skriv Magnus Olav Hjelle.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • MAGNUS OLAV HJELLE, medieviter, Universitetet i Oslo

Dette er ein respons til kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp Håkon Haugsbo sitt debattinnlegg ‘Når media ikkje rapporterer om at over 20 millionar menneske lever i naud, så gjer dei ikkje jobben sin. Det kan koste liv’ i Medier24.no 07.07.2017.

I sitt innlegg tek Haugsbø til orde for at journalistane har gått bort frå å stille maktpersonar til ansvar og å heve fram dei som kanskje ikkje får automatisk merksemd.

Magnus Olav Hjelle, medieviter, Universitetet i Oslo.

Journalistane må ta meir ansvar for å sette dei humanitære krisene på dagsorden.

Eg er delvis enig, men det skal mykje til for at dei gjer dette. Papiropplaga på aviser gikk ned, og med det kom det eit større fokus på saker som er mindre djupe, meir lettleselige og lettare å fordøye, og på det digitale annonsemarkedet.

Det er eit behov for saker som folk vil lese, og for tida vil ikkje folk lese om humanitære kriser i staden for Donald Trump eller fidget-spinners.

Det er som Atle Antonsen ville sagt det i Uti vår hage ‘et kjempeproblem’.

Det er likevel ikkje slik at journalistane ikkje rapporterar frå hendingane, dei gjer det berre alt for lite, og når dei gjer det, så får ikkje sakene særleg fotfeste.

Eg trur ikkje at det først og fremst er journalistane som må gå i seg sjølve, men dei humanitære organisasjonane.

Kvifor skal journalistane være oppfinnsome og skrive meir om bistandsarbeid ut av ingenting?

Det er ikkje mangel på grundig og djup journalistikk sjølv om klikk-sakene får meir merksemd. Krisene er der, men interessa er der ikkje.

Det er ikkje etisk riktig at krisene får så lite plass, men det er den brutale sanninga. Derfor bør etter mitt syn dei humanitære organisasjonane, som allereie gjer ein stor innsats på kommunikasjonsfronten, gå for å utvide denne delen av organisasjonen og marknadsføre seg meir.

Både organisasjonane og sakene deira må få større plass i media.

Utfordringa er at både givarar, media og opinionen for øvrig, er raskt på pinnen når resultat blir lagt fram som viser at organisasjonane brukar prosentvis mykje på administrasjon.

Det er kritikk som kjem, men det trengst aksept. Etter mitt syn burde dei bruke meir.

Dei må henge med mot andre som kjempar om plass i media ved å bruke betydelig større summar på kommunikasjon og marknadsføring.

I tillegg vil det være etisk riktig, fordi det er viktigare at folk får vatn i Etiopia enn at Tina frå Kiwi får braute ut enda meir innhaldsmarknadsføring på skånedialekt.

Folk bør derfor forstå at det å bruke pengar på administrasjon som foreslått, kan være svært viktig for at sakene som Haugsbø og hans kollegaar frontar får meir merksemd enn i dag.

Det må ei haldningsendring til, der både folket og organisasjonane omfavnar at kommunikasjon kan være eit middel via media som når fram til målet om å ordne opp i dei humanitære krisene.

Ein bør være glad for at store summar går til kommunikasjon fordi god kommunikasjon er bra, god kommunikasjon gjer større merksemd og stor merksemd gir fleire midlar.

Kan hende kan alle til slutt bli nøgde.

Sjølvsagt er mykje av kommunikasjonsarbeidet som skal til for at organisasjonane får den merksemda dei treng for sine saker eit langsiktig arbeid.

Dei treng merksemd og midlar no, og må få det. Derfor er det trist når kampanjen om den stille sulten ikkje heilt får den merksemda den treng, men dei siste åra har vist fleire eksempel på at organisasjonane kan få til mykje merksemd om dei kommuniserer rett, men då ofte med ekstern hjelp frå byrå.

Fleire bryr seg når fleire veit, og journalistane har utvilsomt eit ansvar for å få fram fleire saker om uskyldige mennesker i kriseramma land som treng bistand.

Det gode arbeidet som blir gjort av organisasjonane fortjener ikkje at telefonane står stille og at få pratar om det, sjølv om media har endra seg.

Eg meiner ikkje at organisasjonane skal ta midlar frå å hjelpe dei med behov til å bruke meir på kommunikasjon og marknadsføring, men at dei med fordel kan omprioritere meir frå andre ting over på kommunikasjon og marknadsføring, og med det gjere at både organisasjonane og sakene deira blir meir synlege i media, som igjen fører til meir pengar til formålet.

I tillegg bør ein erkjenne at bruk av ekstern hjelp frå byrå er ein bra ting og ikkje ein uting. Meir merksemd treng å bli skapt.

Eg skulle gjerne sjå at politikarane vil gjere bistand til ein av sine store saker i årets valkamp, sjølv om det nok kjem til å handle om det nære og kjære, som vanleg.

Powered by Labrador CMS