Mona Grønningen er redaktør i Kvinnheringen og ferierer i år i Split med kjæresten.

Sommerpraten

Kvinnheringen-redaktøren skulle ta bilde av ei gaupe. Det viste seg å vere noko heilt anna

– Tipsaren var truleg høg på noko, for det eg tok bilde av på laaang avstand viste seg å vera ein stor, oransje katt. Etterpå har eg blitt skeptisk til eksotiske dyretips seier Kvinnheringen-redaktør Mona Grønningen

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I «Sommerpraten» stiller Medier24 ei rekkje personar i og tett på mediebransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. Neste kvinne ut er Mona Grønningen, redaktør i Kvinnheringen.

– Korleis summerer du opp første mediehalvår 2019?

– Første mediehalvår har vore svært krevjande for min del, fordi eg hoppa inn i eit vikariat som redaktør på kort varsel. Læringskurven har vore superbratt, for å seia det mildt, og nyleg blei vikariatet utvida med eit halvår til etter at tidlegare redaktør Tomas Bruvik gav seg. Snakk om å hoppa etter Wirkola, men heldigvis har eg utruleg dyktige kollegaer ved mi side som gjer det mogleg.

– Kva er årets flause til no?

– Eg kjem ikkje på noko stor flause, men eg følgjer sjølvsagt med på @badesken si tulling med aviser på Instagram, der eg ofte får meg ein god latter. Men eg ler ikkje altfor høgt, for Kvinnheringen, mi eiga avis, har vore der fleire gonger!

– Kva bransjeperson har inspirert deg i år?

– Tidlegare kollega, Karen Anna Kleppe, fekk jobb i TV2 i vår, etter å ha vore journalist hos oss. Å vera så ung og klara å få ein jobb der beviser kor dyktig ho er (og at det er bra å starta karrieren i lokalavis)! Ho imponerer meg stort.

– Eg har òg nettopp lest det nylanserte magasinet «Altså», og er så imponert av redaktør Ida Eliassen-Coker og resten av gjengen bak at eg berre MÅ name-droppa det! Det er så tøft gjort å satsa på eit slikt type magasin i desse tider, og både layout og innhald er verkeleg bra. Eg gler meg til neste utgåve!

– Kva gjer du i sommar?

– I sommar tar eg meg heile to veker ferie, og den første veka i juli var eg i Split med kjærasten for første gong. Det var magisk, og anbefalast på det sterkaste! Elles har eg vore på Festidalen og skal ein svipptur på Tysnesfest.

– Kva medievanar tek du med deg på ferie?

– Eg oppdaterer meg sjølvsagt på nyhende via nettaviser på mobilen dagleg, og sjekkar elles sosiale medium og e-post. Mobilen er aldri langt unna.

– Kva er den største tabben du har gjort som sommarvikar? 

– Den største tabben eg har gjort må vera å stikka ut på oppdrag for å prøva å få bilde av ei påstått gaupe som var observert i Kvinnherad. Det viste seg at tipsaren truleg var høg på noko, for det eg tok bilde av på laaang avstand viste seg å vera ein stor, oransje katt. Alle på avishuset fekk seg i alle fall ein god latter, og etterpå har eg blitt skeptisk til eksotiske dyretips.

– Kva er ditt beste råd til årets sommarvikarar?

– Mitt beste råd til ferievikarar er å vera «på» og ta initiativ frå starten av. I feriane kan det vera litt roleg på tips-fronten, så det er betre å føreslå mange ting som ikkje blir til saker, enn å sitja og venta på at andre skal tipsa om noko. Vi er heilt avhengige av ferievikarar i redaksjonane rundt om kring for å få hjula til å gå rundt. Elles bør dei sikra seg ein skikkeleg kontrakt og ikkje godta for låg løn!

Powered by Labrador CMS