I går høyrte eg på Politisk kvarter, og skreiv på Twitter rett etterpå at eg ikkje visste kva eg skulle sei, skriv Emil André Erstad.

Debatt

La oss ta vare på ei sakleg offentleg samtale

«Det fins mykje godt blant tinga vi importerer frå USA, men ordskiftet er ikkje blant dei», skriv Emil André Erstad.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • EMIL ANDRÉ ERSTAD, kommunikasjonssjef i Helsingforskomiteen og forfattar av «Hareides fall». Frå 2016 til 2019 fungerte Erstad i to periodar som næraste rådgjevar for tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide.

I går høyrte eg på Politisk kvarter, og skreiv på Twitter rett etterpå at eg ikkje visste kva eg skulle sei. Kjell Ingolf Ropstad meinte tydelegvis at delar av miljørørsla og MDG (!) er ein trussel mot det kristne menneskesynet. Eg vart så forbausa over den malplasserte kritikken at eg vart litt stum.

Ein ting er å kritisere nokon for noko dei faktisk meiner, men ein heilt annan ting er å bringe inn meiningar frå ein annan verdsdel mot nokon som absolutt ikkje meiner det same her heime - slik som når Ropstad i Politisk Kvarter viste til amerikansk forsking som seier at folk heller vil redde kjæledyra sine enn menneske. Alle kan sei noko dumt - det har gjort mange gonger sjølv - men då er det heldigvis mogleg å rette opp i det og beklage. Det skjedde ikkje.

Tvert imot gjorde Ropstad det klart fleire gonger gjennom dagen, etter massiv kritikk både i og utanfor sitt eige parti, at han stod for bodskapen. Han angra ikkje på MDG-angrepet.

I dag høyrte eg også på Politisk kvarter. Det opprørte meg. Der sa mellom anna Vebjørn Selbekk at «politikk handlar om konfrontasjon og polarisering». Han omtala det som noko positivt. Då klarar eg ikkje lenger halde kjeft. Å heie fram ei slik forsøpling av debatten grensar til uanstendig.

Polarisering er ikkje noko positivt. Polarisering er i sin ytste konsekvens farleg. I USA har ein fått eit offentleg ordskifte som nesten er blitt heilt ubrukeleg. Vi ser også eksempel frå mange land at den offentlege debatten er så polarisert at politiske motstandarar ikkje ein gong vil møte kvarandre i debattstudioa.

Tidlegare i haust skreiv min sjef i Helsingforskomiteen, generalsekretær Bjørn Engesland, ein kronikk som med tida nok dessverre berre kjem til å bli meir og meir aktuell: Det er på tide at norske poltitikere tar seg sammen. Nå trenger vi en minstestandard for den politiske debatten. Han skreiv: «Vi vil ikke ha snikbrutalisering av det politiske miljøet. Heller traust og kjedelig, men til å stole på, enn hardt og brutalt.»

Politikk er det moglege sin kunst, ikkje kunsten med å teikne falske fiendebilete. Politikk på sitt beste handlar om å bygge bruer, ikkje om å konstruere stråmenn av politiske motstandarar. Ord betyr noko. Retorikk betyr noko.

Selbekks omfamnelse av retorikk som skapar polarisering, er urovekkande frå ein innflytelselsrik sjefredaktør i ei norsk avis. Det er ingen grunn til å ta hans råd på alvor: polariserande retorikk trengs ikkje i Norge. La oss ta vare på ei sakleg offentleg samtale.

Powered by Labrador CMS