Stortingspresident Eva Kristin Hansen måtte torsdag gå av etter at Adressa avslørte på måndag at ho hadde budd ein annan plass enn ho oppgav, i fleire år. No har politiet starta etterforsking av fleire av sakene som har dukka opp dei siste åra.

Kommentar:

Skrekkeleg kommunikasjon

«Kven er det som lærer politikarane våre å kommunisera? Kven er det som fortel dei at det å lyga til folket er ein god ting og det er noko ein slepp unna med? Kvar lærer ein dette? Og korleis har dei ryggrad til å gjera det med opne auge?»

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Gong etter gong vert norske politikarar tatt for å ha prøvd å svindla staten, eller misforstå regelverket som det heiter.

Sist ute er det stortingspresident Eva Kristin Hansen som vart ferska av Adressa i det som kan sjå ut som eit forsøk på å bløffa på seg ein pendlarbustad i Trondheim, endå ho og mannen faktisk eig og bur i ein bustad i Ski. Der kjøpte ho seg inn heilt tilbake i 2014.

Beista i Adressa

Ho har sjølv stadfesta opplysningane til avisa. Men ho avviser samstundes at det er eit forsøk på å vera uærleg, men at ho heile tida har vore sikker på at ho har fulgt regelverket.

Regelverket er at om du bur meir enn 40 kilometer unna Stortinget, så har du rett på å få dekka pendlarutgifter. Hansen budde 29 kilometer unna Stortinget.

Problemet er at altfor mange norske politikarar, våre ombodsmenn, dei me har vald inn for å forvalta eit lovverk og utvikla nasjonen Noreg forsøker å svindla oss.

Dei siste åra har me saker med både Frp-politikaren Himanshu Gulati som hadde fire leilegheiter i Oslo, så kjøpte han ein femte i rett avstand frå Stortinget og fekk det oppført som pendlarbustad, seinare vart Mazyar Keshvari dømt til fengsel for å levera falske reiserekningar. Hege Liadal sit no i retten og må svara for liknande svindel. Seinare vart statsråd og partileiar Kjell Ingolf Ropstad ferska for fyrst å prøva å fortelja at han budde på guterommet heime hjå foreldra på Sørlandet, sjølv om han budde med kone og barn i Oslo. Då han vart statsråd svindla han staten ved å ha ein avtale med foreldra om å seia at han betalte nokre faste utgifter hjå foreldra, for å sleppa å skatta av statsrådsbustaden.

Han måtte seinare trekka seg som både statsråd og partileiar.

Og no sist er det altså Eva Kristin Hansen.

Ein ting er det lovmessige, det skal no politiet følga opp og eg skal ikkje uttala meg for mykje om det.

Men kva er det dei som vert tatt seier til veljarane sine? Kva signal gjev desse som er tatt på fersken ut?

Hansen fekk seg denne veka til å seia dette til Adressa:

«At enkeltrepresentanter mener ting når det stormer, må man bare ta. Jeg har lyst til å rydde opp. Jeg har ikke vurdert å trekke meg. Hvis Adresseavisen med denne saken skulle sørge for å hive den andre trønderske presidenten i historien, ville jo det vært synd. Men jeg er glad i lokalavisa mi, dere er noen beist, men dere er flinke».

Ein gong til?

Kva prøvde ho seg på med dette utsegna? Det er som tatt ut av ein dårleg mafia-film det å prøva å legga eit slikt lite subtilt press på journalistane som tok ho med buksa nede.

Er det slik at alle trønderar må halda saman? Prøver ho å seia at pressa ikkje skal gjera jobben sin? Kvifor trur ho dette kjem til å hjelpa ho?

Det er ikkje nokon fersking som snakkar til pressa, det er ei som har vore vald inn på Stortinget i 16 år. Ho har byrja på sin femte periode. Ho var stortingspresident.

Då ho vart vald til Stortingspresident sa ho endå til at ho frykta at dei mange sakene knytt til representantanes økonomiske gode skal føra til politikarforakt.

Jepp du las heilt rett.

Studentar skal meldast til politiet, ikkje politikarar

Retorikkekspert Marianne Hafstad seier til KOM24 om desse utsegna at «Jo lenger tid du bruker på stå til ansvar for handlingene, jo svakere står du. Det har historien vist, og sånn vil det også komme til å være.»

Men Hansen er ikkje den einaste i denne saka som snublar litt.

Då Stortingsdirektør Marianne Andersen var direktør for Statens Lånekasse var ho svært klar på at alle forsøk på dokumentfalsk frå studentanes side kom til å verta meldt til politiet og ein ville verta fråteken retten til støtte for heile eller deler av neste studieår.

Då trur du kanskje dette er dei same prinsippa ho vil styra stortingsrepresentantane etter?

Nei då.

I ein e-post skriv ho at sidan fleire representantar har misforstått regelverket, vil ikkje Stortingets administrasjon gjera meir med Stortingspresidentens sak.

Nok ein gong, du las heilt rett.

Kvar var kommunikasjonsavdelinga før dette utsegna kom ut? Har dei abdisert eller berre bryr ho seg ikkje?

Om det ikkje har vore politikarforakt i dette landet før, så sørgar våre folkevalde og administrasjonen deira for at misnøya mot dei verkeleg får sett seg i folkedjupet no. Berre for dei er for griske og elendige til å kommunisera.

Vert du tatt på fersken i å ha prøvd å lura til deg litt ekstra pengar, legg deg flat det. Vert ferdig med det. Ikkje prøv å spinn deg ut av det.

Det er nok ekstremt pinleg å stå der og innrømma at sjølv om du har rundt ein million kroner i løn for å vera folkevald og får dekka det meste av reising, så har du likevel forsøkt å lura til deg litt ekstra pengar. Men du vil komma mykje betre ut av det enn ved å driva på med den langdryge seigpininga som me ser no.

Det vert det i alle fall berre taparar av.

No håpar eg for norske politikarar sin del at det ikkje kjem fleire slike saker. Det er nok no. Og for å vera heilt ærleg så trur eg kommunikasjonsapparata i partia og har fått nok no. Dei har nok av andre utfordringar å ta laus på.

Powered by Labrador CMS