Lars Bilit Hagen, 24 år. Han er i dag vikar i Nationen og har tidlegare jobba ulike stader i NRK. Bilit Hagen har bachelor i journalistikk frå Høgskolen i Oslo og Aksershus/Stockholms Universitet
Lars Bilit Hagen, 24 år. Han er i dag vikar i Nationen og har tidlegare jobba ulike stader i NRK. Bilit Hagen har bachelor i journalistikk frå Høgskolen i Oslo og Aksershus/Stockholms Universitet (Foto: Scanpix / privat)

FOLK

Lars Bilit Hagen er fast tilsett i avisa Nationen

I tillegg hentar næringsavisa til distrikta inn vikarane Bjarne Krogstad og Jon- Fredrik Klausen.

Avisa Nationen har i dag henta i tre personar til avisa, skriv dei i ei melding.

- Det var veldig mange dyktige søkarar, vi er stolte over at vi er ein attraktiv arbeidsplass! Dei som har sagt ja er flinke journalistar med erfaring, nyheitsteft og digital kompetanse som me gler oss veldig til å få med på laget. Lars som fekk den faste stillinga kjenner både vi i Nationen og våre lesarar godt allereie, vi er utruleg glade og stolte over at vi dag kan ynskje nok ein vikar over i fast stilling hos oss, skriv nyheitsredaktør Svein Ove Hansli i ei melding.

Desse har fått jobb:

Fast stilling:

  • Lars Bilit Hagen, 24 år. Han er i dag vikar i Nationen og har tidlegare jobba ulike stader i NRK. Billit Hagen har bachelor i journalistikk frå Høgskolen i Oslo og Aksershus/Stockholms Universitet

 

Vikariat

  • Bjarne Krogstad, 29 år. Han er i dag journalist i Altaposten der han har jobba sidan september 2015. Krogstad har bachelor i medieproduksjon frå Høgskulen i Finnmark og årsstudium i engelsk frå Universitetet i Tromsø.
  • Jon- Fredrik Klausen, 24 år. Han er i dag Journalist i NRK Hedmark og Oppland og har også jobba i NRK Østfold. Klausen har bachelor i Medier og kommunikasjon frå Høgskolen i Oslo og Akershus.
Til toppen