Magne Kydland gir seg som redaktør i Sunnhordland

FOLK

Magne Kydland gir seg som redaktør i Sunnhordland

– Etter 25 år i mediebransjen ser eg fram til å starte i ny, spennande jobb, seier Magne Kydland, som blir kommunikasjonssjef i Helse Fonna.

Magne Kydland  (49) er i dag ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland, der han har jobba dei siste 13 åra. No blir han kommunikasjonssjef i Helse Fonna, skriv dei i ei pressemelding. 

– Etter 25 år i mediebransjen ser eg fram til å starte i ny, spennande jobb i det som er den største og viktigaste verksemda mellom Stavanger og Bergen. Gode helsetenester er viktig for oss alle, og eg gler meg no til å jobbe i spesialisthelsetenesta, seier Kydland i meldinga. 

 Han tiltre våren 2020 og blir  ein del av leiargruppa i Helse Fonna.

– Eg er veldig nøgd med at Magne Kydland har takka ja til stillinga og ser fram til å få han med i leiinga, seier administrerande direktør Olav Klausen i meldinga. 

Til toppen