Marita Mjøs
Marita Mjøs

Marita Mjøs (28) blir forretningsutviklar i TV2.no

– Perfekt kombinasjon av personleg interesse og profesjonell erfaring, seier ho til Medier24.

Marita Mjøs frå Radøy i Hordaland kjem frå stillinga som manager i Accenture, kor ho mellom anna har jobba med oljebransjen.

– Me er veldig glade for å få Marita inn i TV2.no. Ho har knallsterk kompetanse på mellom anna prosjektleiing og innovasjon i bransjar som er under omstilling, seier Derek André Bjølgerud, TV2.no-sjef i ein kommentar.

Han legg til:

– Mediebransjen blir treft av ein kontinuerleg flaum av nye trendar. Her vil Marita bidra til at me raskare kan hekte oss på trendskifta og av dei oppblåste «hypane».

Mjøs ser fram til å ta fatt på nye oppgåver:

– Det var veldig enkelt for meg å takke ja til denne jobben. Eg har alltid vore veldig interessert i media, journalistikk og nyheiter, og vurderte lenge om eg skulle studere journalistikk. Når eg likevel enda opp som siviløkonom og har jobba fem år som strategikonsulent, vart denne rolla ein perfekt kombinasjon av personleg interesse og profesjonell erfaring, seier ho til Medier24.

– Eg gler meg aller mest til å bli kjend med nye kollegaer, og samtidig starte å leggje planar og sjå korleis eg med min bakgrunn kan bidra best mogleg i TV 2. I tillegg er eg jo sjølvsagt nysgjerrig og spent på oppleve korleis ein av Noregs største nyheitsredaksjonar arbeider, legg ho til.

Ho byrjar i jobben 1. oktober.

Til toppen