Martin Giæver.

Martin Giæver programleiar i ny NRK-reality

Skal leie 16 deltakarar i realityserien «Den ultimate agent».

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det skriv NRK torsdag morgon.

Den 12. januar er det premiere på NRK sin nye laurdagsserie, «Den ultimate agent». Serien er ifølgje statskanalen ein leik med agentuniverset som me kjenner frå film og TV elles.

– Spionane bør helst liggje lågt og ikkje avsløre seg sjølv, og der hadde eg nok slite litt. Men me har 16 fantastiske deltakarar som det har vore svært spanande å følgje, seier Giæver til NRK.

Gjennom ti program skal deltakarane skugge og bli forfølgt, knekke kodar og avsløre. I kvar episode skal deltakarane gjennom eit feltoppdrag og eit hovudoppdrag.

Det tapande lag frå hovudoppdraget må sende tre medlemmar i ei hinderløype, der taparen må reise heim. Til slutt står det igjen ein vinnar.

Det er Strix som produserer serien for NRK.

Giæver har jobba mange år i NRK Nyheter – hovudsakleg som reporter og videojournalist i Dagsrevyen. Dei siste to åra har han vore programleiar i Sommeråpent.

Powered by Labrador CMS