Johanna Magdalena Husebye er i ferd med å fullføre ein master i Undersøkende Journalistikk ved Universitetet i Bergen. Ved sidan av jobbar ho deltid som journalist i Dagen.

Stipend:

Masterstudent Johanna får 20.000 for å grave om sjølvmord blant eldre

(BERGEN): Johanna Magdalena Husebye meiner avisene er for dårlege til å dekke dei eldre. No tar ho saka i eigne hender, med hjelp av TV 2 og Universitetet i Bergen sitt studentstipend.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag ettermiddag delte TV 2 ut fire ulike stipend til UiB-studentar på totalt 100.000 kroner. Blant vinnarprosjekta var Johanna Magdalena Husebye sitt gravearbeid om sjølvmord blant eldre.

– Eg ynskja å lage undersøkjande journalistikk på sjølvmord blant eldre fordi det er eit veldig tabubelagt tema, seier Husebye når Medier24 møter ho på Media City Bergen. Med omsyn til arbeidet og at saka ikkje er publisert enno, ynskjer ho ikkje å gå for mykje i detalj på innhaldet i artikkelen.

Husebye, som er i ferd med å fullføre sin master i Undersøkande journalistikk ved Universitetet i Bergen, er blant dei heldige som dreg nytte av samarbeidet mellom UiB og TV 2, som begge held til på Media City.

 

– Dei fortener ein verdig slutt på livet

Sjefredaktør i TV 2, Olav T. Sandnes, er einig med Husebye i at mediene kan ha svikta i dekninga av dei eldre.

Sjefredaktør i TV 2, Olav T. Sandnes, saman med masterstudent Johanna Magdalena Husebye og Ole J. Mjøs, professor og fagleg leiar på medieutdanninga på Universitetet i Bergen.

– Det er nok ein fare for at mediene generelt dekkjer dei eldre mindre enn andre. Kanskje fordi dei ikkje i same grad er deltakande lenger. Det er viktig å setje lys på prioriteringane i helsevesenet, fordi det er eit krav å ha eit verdig liv sjølv om du er eldre, seier han, og følgjer opp:

– Kvifor det er slik? Dette vert reine spekulasjonar, men ein orienterer seg nærare der ein sjølv er, og kanskje det har noko med samansetjinga av journalistar å gjera. Dei eldre er ofte ikkje i yrkeslivet, og difor kan det utvikle seg blindsoner ein må vere merksame på.

No håpar masterstudenten at prosjektet vert publisert i ei nasjonal avis.

– Eg veit ikkje kvar det vert publisert enno. Eg håpar eg får selt det inn til ei nasjonal avis, fordi det er eit landsomfattande tema som gjeld alle. Saka vert vonleg klar i april. Eg har arbeidd med prosjektet i eitt år allereie, seier ho.

– Det er ikkje så ofte at eldre får plass i pressa. Eg bryr meg mykje om denne aldersgruppa, og så tykkjer eg dei fortener ein verdig slutt på livet i likskap med andre. Det er vår oppgåve som journalistar å setje søkjelyset på. Det er veldig positivt at det er knyt openheit til sjølvmord blant unge, men same openheit eksisterer ikkje blant eldre.

Sandnes seier vidare at han meiner det er ei viktig sak som er verdt å følgja vidare.

Ole J. Mjøs, professor og fagleg leiar for medieutdanninga hos Universitet i Bergen ved Media City Bergen, grunngir vinnarprosjektet slik:

– Det var prosjektbeskrivinga som var hovudkriteriet. Om det kunne gjennomførast, kvalitet, fagleg forankring, relevans, gjennomføring og at det var ein entusiasme og «drive» for å fullføre eit ambisiøst og nytenkjande prosjekt var viktig.

 

Samarbeid

Mjøs er nøgd med å få TV 2 med på laget som økonomisk støttespelar.

Sjefredaktør i TV 2, Olav T. Sandnes.

– Dette betyr veldig mykje for oss, og det eksemplifiserer dei fantastiske moglegheitene for samarbeid i Media City Bergen. Det eine er at TV 2 ynskjer å støtte utdanningane, masterstudentane sine prosjekt og så vidare, men det me òg ser er at me forventar det kjem kompetanse ut her frå, med dyktige menneske som kan jobbe i medieselskapa her, seier han.

Sandnes føyer til:

– Dei skal ikkje berre bli skikka og dyktige, dei skal vere med og forme oss framover. Mi forventning er at det frå studiemiljøa kjem ny kompetanse som me har behov for. Datajournalistikk, til dømes, vert ekstremt viktig for oss. Ein gravejournalist må ha eit anna kompetansesett enn for 20-30 år sidan. Det er nok sikkert mange av dei same karakteristikkane, men no må ein evne å jobbe strukturert opp mot fagmiljø kor ein ikkje har kompetanse sjølv. Dagens Næringsliv si Tidal-avsløring er eit godt døme på det, seier han og peiker på deira samarbeid med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).

Alle stipendmottakarane. Frå venstre: Ole J. Mjøs (UiB), studentane Bia Sjøvoll, Marianne Borchgrevink-Brækhus, Johanna Magdalena Husebye, Sara Pedersen Stene og Fredrik Jensen, Olav T. Sandnes (TV2) og Leif Ove Larsen (UiB).

Sjå oversikt over alle prosjekta under biletet.

Bia Sjøvoll – Master i medievitenskapMasterprosjekt om tillit til nyheterTildelt stipend: 15.000,-

Marianne Borchgrevink-Brækhus – Master i medievitenskapMasterprosjekt om «Klikkets betydning» som er en analyse av nyhetslesning i norske aviser.Tildelt stipend: 15.000,-

Joanna M. Husebye – Master i undersøkende journalistikkMasterprosjektet er et journalistisk graveprosjekt.Tildelt stipend: 20.000,-

Johanne M. Christensen Ågotnes – Master i medie- og interaksjonsdesignSara Pedersen Stene – Master i medie- og interaksjonsdesignFredrik Jensen – Master i medie- og interaksjonsdesignTildelt samlet stipend: 50.000,-

Powered by Labrador CMS