Gerd Margrete Tjeldflåt, journalist i Bergens Tidende.
Gerd Margrete Tjeldflåt, journalist i Bergens Tidende. (Vegar Valde)

#MinMetode

– Me er ein bransje som elskar å hylle oss sjølv. Det kan bli litt usmakeleg

Politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt i Bergens Tidende fortel om sine journalistiske metodar i Medier24 si spalte #MinMetode.

I spalta #MinMetode ynskjer Medier24 å få journalistar til å fortelje om sine metodar og tankar om korleis journalistikk best utførast.

Denne gang er det Bergens Tidende-journalist Gerd Margrete Tjeldflåt som svarar på Medier24 sine ti spørsmål om alt frå undervurderte kvalitetar, kjelderelasjonar og sitatsjekking.

– Kva er din viktigaste eigenskap for å setje dagsorden?

– Både som journalist og nyhendeleiar prøver eg å identifisere spørsmåla eg lurer på ved ei sak, og så lage journalistikk som gir svar. Då er sjansen god for at også andre får svar på det dei lurer på.

– Kva kvalitetar er dei mest undervurderte som journalist?

– Vilje. Ein kjem utruleg langt med mykje driv og vilje til å stå på. Det meste anna kan ein lære seg.

– Kva kvalitetar er dei mest oppskrytte som journalist?

– Det å selje og promotere seg sjølv. Sjølvsagt er det viktig å ha eit godt rykte, men journalisten kan fort komme i vegen for journalistikken. Alle journalistar elskar merksemd, og me er ein bransje som elskar å hylle oss sjølv. Det kan bli litt usmakleg, syns eg.

– Kva føretrekker du å jobbe med: Breaking news eller lengre reportasjar? Kvifor?

– Breaking news. Lange reportasjar er fint, men også utruleg utmattande. Eg likar best å få ting ut. Og når ting skjer og det kokar er det ingenting eg heller vil enn å jobbe med det.

– Kva er din mest utradisjonelle måte å finne gode saker på?

– Å finne gode saker er det vanskelegaste med å vere journalist, syns eg. Det er ikkje særleg utradisjonelt, men igjen vil eg slå eit slag for å spørre deg sjølv kva du lurer på, og kva du treng svar på.

– Kva er dine beste triks for å bygge eit bredt og relevant kjeldenettverk?

– Å dekke eit fagfelt over tid. Då blir ein kjent med folk og byggjer tillit etter kvart som ein skriv saker. Etter kvart kjem ofte dei gode tipsa, eller den hjelpa ein treng for å få ut viktig informasjon.

– Korleis handterer du motstand frå kjelder som føler seg urettferdig behandla?

– Eg lar folk få vere sinte, og prøver å forstå kvifor dei er det. Så forklarer eg kvifor eg har gjort som eg har gjort, og stort sett blir me einige.

– Kva sak er den mest krevjande du har laga so langt?

– For nokre år sidan jobba eg med eit prosjekt om fråflytting frå bygdene. Eg er sjølv frå ei utryddingstruga bygd med 150 innbyggjarar, og i ei av sakene våre skreiv eg om den. Eg tok utgangspunkt i klassen min, der ingen har flytta heim igjen. Å forvalte historiane til seks barndomsvenninner var skummelt. Det ligg mykje vond samvittigheit i det å ikkje flytte heim igjen til eit samfunn som treng deg så sårt. Me er mange byfolk med bygdebakgrunn som kjenner på det, trur eg. Og det er eg veldig glad for å ha fått formidla.

– Kva er dei største misoppfatningane folk har til journalistar?

– At me har ein agenda med alt me gjer. Det er jo flatterande at folk ser ut til å tenke at alle journalistar og mediehus er så gjennomtenkte og samkøyrte at det alltid fins ei djupare meining bak alt. Men sanninga er jo stort sett at tidspress, knappe ressursar og tilfeldigheiter avgjer det meste.

– I USA innførte New York Times forbod mot sitatsjekk i 2012. Meiner du norske medium bør gjere det same? Kvifor eller kvifor ikkje?

– Amerikanske medium har jo ein ganske annleis sitatpraksis enn oss, med ordrette sitat. Skulle me lagt ned forbod mot sitatsjekk, måtte me også endra måten me siterer på, meiner eg. Eg trur ikkje eit forbod er nødvendig. Av og til skjer det misforståingar, og det er best å få avklart før det når publikum. Eg trur meir på å gi opplæring i kva sitatsjekk faktisk er, og kva kjeldene har høve til å endre på.

Til toppen