Media City Bergen.
Media City Bergen. (Foto: Simon Brandseth)

Media City Bergen vil utvide med nærare 9.000 kvadratmeter

Eigedomsselskapet Entra, som eig 50 prosent av Media City Bergen, har send inn søknad til Bergen kommune.

Det skriv Bergens Tidende.

Tysdag kveld tok Bergen kommune imot ein søknad om å få utvide det allereie 45.000 kvadratmeter store mediebygget med ytterlegare 9.000 kvadratmeter.

Entra har søkt om å utvide med nytt bygg tvers over gata i Lars Hilles gate i Bergen.

– No skal me gjennom ein reguleringsprosess. Det tek tid å få godkjent næringsbygg, men me har eit godt samarbeid med kommunen. Eg er optimistisk til at det skal vere mogleg, seier leiar for Entra i Bergen, Sturla Hjelmervik, til Bergens Tidende.

Mediebygningen i Bergen huser frå før mellom andre Bergens Tidende, Bergensavisen, NRK Hordaland, TV 2 og Universitet i Bergen.

I februar skreiv Dagens Næringsliv at Bergensavisen ville ut av medieklyinga som følgje av arealmangel.

Enetra og Oslo Pensjonsforsikring eig kvar sin halvdel av selskapet.

Til toppen