STILLING LEDIG:

Porten.no søkjer journalist

Me ønskjer ein sjølvdrivande og engasjert journalist, som kan vere med å ta avisa enda eit steg vidare.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast/Vikariat

Arbeidssted: Årdal/Sogndal

Søknadsfrist: 31. juli

Om arbeidsgiver

Mediehuset Porten.no er ei partipolitisk uavhengig og heildigital lokalavis for Indre og Ytre Sogn. Porten.no har forankring og hovedkontor i Årdal, midt mellom Bergen og Oslo, med den fantastiske naturen i Sognefjorden og Jotunheimen som næraste nabo. Porten har ca. 25.000 unike brukarar kvar veke og ca. 7.000 unike brukarar kvar dag. Meir enn 1.300 har abonnement på Porten.


Porten AS er eigd av Årdalsnett AS og Agnitio AS. Årdalsnett AS er største eigar, som igjen er eigd av Årdal Kraftlag AS og Enivest AS. For meir informasjon, sjå porten.no.

Porten.no er på topp tre-lista blant dei raskast veksande lokalavisene i landet. No ønskjer me ein sjølvdrivande og engasjerte journalistar, som kan vere med å ta avisa enda eit steg vidare.

Click to add image captionClick to add image-byline

I porten.no får du ta del i eit ungt, energisk og hardtsatsande arbeidsmiljø. Hovudkontoret i Årdal og kontoret i Sogndal er plassert like ved eit mylder av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

Hos oss er det kort veg mellom idé og realisering: me er alltid interesserte i å testa nye konsept som kan heve produktet.

Nettavisa Porten er i stor vekst, og ønskjer journalistar som kan hjelpe oss å halde fram med den veksten. Er det deg?

Ansvar og oppgåver:

Du vil vere med å produsera og utvikla det redaksjonelle arbeidet i Sogn. Her er det viktig å:

  • byggje nettverk innan politikk, næringsliv og lokalsamfunnet elles
  • stille førebudd til kvar vakt med eigne idear
  • oppsøkje nyheiter utanfor kontoret og jakte dei gode historiene

Ønskja kvalifikasjonar og bakgrunn:

  • Relevant høgare utdanning, eller jobberfaring fortrinnsvis innan journalistikk eller andre samfunnsområde, som økonomi, samanliknande politikk, o.l.
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
  • God etisk vurderingsevne
  • Porten.no er ei nynorskavis, og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk

Me søkjer deg som:

  • Er konkurransedriven og er ambisiøs
  • Jobbar raskt og trivst i eit hektisk miljø
  • Ønskjer å vere med å byggja opp bedrifta
  • Held fokus sjølv om det er mange ballar i lufta
  • Jobbar godt åleine og i team
  • Er samfunnsengasjert, nysgjerrig og oppteken av resultat og kvalitet
  • Fordel med førarkort

Me tilbyr:

  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar
  • Fast stilling i 100%

Om du ikkje fyller alle krav, ønskjer me likevel å ta imot ein søknad om du er interessert.

Me har kontor i Årdal, Sogndal og Høyanger. Våre journalistar har moglegheit til å vere til stades på alle kontora.

Kontaktinformasjon:

Tilsetjing: Snarast mogleg. Søknader blir behandla fortløpande.

Legg ved attestar og vitnemål, gjerne også døme på saker og reportasjar.

Send CV og søknad snarast til jobb@porten.no

GODT LAG: Saman med kjekke kollegaer får du moglegheit til å dekke fleire spennande fagfelt langs verdas lengde fjord.

Powered by Labrador CMS