Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland blir nyheitsredaktør i Vårt Land

Forlèt politisk avdeling i Aftenposten for å ta over jobben til Veslemøy Østrem.

Publisert Sist oppdatert

Lars Inge Staveland er tilsett som ny nyheitsredaktør i Vårt Land. Det skriv avisa i ei pressemelding.

Staveland er i dag leiar for politisk avdeling i Aftenposten. Han tek over jobben etter nyheitsredaktør Veslemøy Østrem, som skal bli sjefredaktør i Altinget.

– Staveland er draumekandidaten. Han er ein svært respektert og dyktig nyheitsleiar og journalist. Han kjenner nedslagsfeltet til Vårt Land godt, seier Vårt Lands sjefredaktør og administrerande direktør Bjørn Kristoffer Bore.

Han seier Staveland har god teft for nyheiter, og meiner han vil styrkje Vårt Lands dekning av samfunnsliv og politikk.

Staveland har hatt ei rekkje leiarjobbar i Aftenposten. Han har også bakgrunn frå Dagbladet, Nettavisen, ABC Nyheter, og Haugesunds avis.

– Eg er svært takknemleg for alt eg har fått vore med på i Aftenposten, og tilliten eg har fått. Det blir vemodig å forlate avisa, og spesielt gjengen på politisk som eg har jobba med kvar dag. Men når eg no fekk moglegheit til å vere nyheitsredaktør i Vårt Land, kjende eg at tidspunktet var rett.

Som nyheitsredaktør skal Staveland styre Vårt Lands avdeling for allmenne nyheiter, politikk og utanriks, og publiseringsavdelinga.

Veslemøy Østrem har sin siste dag som nyheitsredaktør i Vårt Land 6. mai. Ho skal bli ny leiar for Altinget i Noreg. Nyheitsleiar Kjell Kvamme blir fungerande nyheitsredaktør fram til Staveland tiltrer etter sommarferien.

Nyheitsredaktør jobbar tett med politisk redaktør Berit Aalborg, som har ansvar for kommentar- og meiningsstoffet i Vårt Land. Det er inga endring i hennar portefølje. Nyheitsredaktør har ansvar for den politiske nyheitsjournalistikken.

Powered by Labrador CMS