Vegard Tjørhom reagerer på Dagbladet si dekning av KRIK-konfliken.

Debatt

Når Dagbladet let kjendisar kommentere teologi

«Debatten om homofile leiarar i KRIK var konfliktfull frå før av, men då Dagbladet kom på banen med hovudlaus kjendisjournalistikk eksploderte den med hets og hat på Andreas Håtveit sin instagramkonto», skriv KRIK-leiar Vegard Tjørhom.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • VEGARD TJØRHOM, homofil leiar i Kristen Idrettskontakt (KRIK)  og student

«Æsj, så ekkel du er», «Andreas Nazitveit», «Klovn» er noko av det Håtveit må tole å høyre om seg sjølv. Aller verst er kommentarane om at han er ein dårleg far på grunn av sine meiningar.

La det vere klart: Som homofil KRIK-leiar er eg ueinig med Andreas Håtveit som meiner at homofile som lever ut si seksuelle legning og folk som er sambuarar ikkje kan vere KRIK-leiarar. Og ein kan også meine at han bommer grovt når han samanliknar sambuarar og homofile på kristenleir med kjøttetarar på veganarleir. Men å vere vitne til hetsen Håtveit har blitt utsett for dei siste dagane er ikkje til å halde ut.

Debatten har vore vanskeleg internt i KRIK ganske lenge, og det har vore ei kjent sak at Håtveit er blant dei som stiller seg på den såkalla konservative sida i spørsmålet om kva krav ein kan stille til ein KRIK-leiar.

For meg har det vore viktig å seie kva eg meiner, men samstundes halde ein ryddig tone. Det er viktig med ein ryddig tone fordi eg ønskjer at KRIK skal vere ein samla organisasjon også i framtida der folk med ulikt syn framleis kan møtast og vere saman – sjølv om ein er ueinige i synet på samliv.

Men det er også viktig for meg å vise respekt og forståing for Håtveit og andre sitt syn fordi det er nettopp det same eg krev å få tilbake.

Slik ser Dagbladet-saken ut

Dagbladet skreiv i helga ei sak om radiojournalist Niklas Baarli som i særs harde ordelag heng ut skikøyrar – eller TV-stjerne, som Dagbladet kallar han - Andreas Håtveit på sin instagramkonto. Baarli ber mellom anna Håtveit om å «dra til Helvete». Dagbladet har også ringt andre homofile kjendisar for å få kommentarar, medan Håtveit sjølv ikkje har ønska å kommentere hetsen mot han.

Ingen av dei homofile som er intervjua i artikkelen er så vidt eg veit kristne, eller har særleg kjennskap til KRIK. Dei er intervjua i kraft av at dei er homofile kjendisar, eller barn av homofile. At Dagbladet går for den klikkvennlege «kjendisvinklinga» er inga nyheit, men dei tråkker over ein strek når dei vidareformidlar hetsen som Baarli rettar mot Håtveit, og i tillegg informerer lesarane om at Håtveit får hard medfart på sin Instagram-konto.

Eg trur Dagbladets journalistar veit kva dei bidreg til. For å seie det slik: Hetsen mot Håtveit har ikkje akkurat blitt mindre og mildare i timane etter at Dagbladet publiserte sin artikkel, heller ikkje på Dagbladet si eiga Facebook-side, der dei har delt artikkelen.

Dagbladet har ikkje gjort forsøk på å hente kommentarar frå teologar, homofile i KRIK eller i det minste nokre kristne kjendisar. Dei har riktig nok fått nokre oppklarande kommentarar frå generalsekretær i KRIK, men elles gjort ein slett jobb med å balansere debatten.

Resultatet er meir hets mot Håtveit i sosiale medium, ein endå verre konflikt internt i KRIK, og endå mindre toleranse enn det var frå før.

I KRIK-debatten har eg tidlegare blitt skuffa av at andre kristne er meir opptekne av å bestemme korleis andre skal leve livet sitt, enn å fokusere på alt som står i Bibelen om kjærleik, nestekjærleik og toleranse.

Men i helga vart eg nok aller mest skuffa over Dagbladets slette journalistikk, og homoforkjemparar som tyr til hets og intoleranse i sine forsøk på å kjempe mot at homofile skal bli møtt med – nettopp - hets og intoleranse.

Powered by Labrador CMS