Zakaria Abdulkadir Mohamed ( 1 år) er en av de mange som kommer hver dag kommer totalt utmagret og underernært til mor og barn-klinikken Jowle i Garowe, Somalia. Målebåndet på Zakaria er langt inne på det røde.

DEBATT:

Når media ikkje rapporterer om at over 20 millionar menneske lever i naud, så gjer dei ikkje jobben sin. Det kan koste liv

Kva skjedde eigentleg med journalistane som ville dokumentere slik urett, skriver kommunikasjonssjef Håkon Haugsbø i Kirkens Nødhjelp.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • HÅKON HAUGSBØ, kommunikasjonssjef Kirkens Nødhjelp

Media si tradisjonelle rolle har vore å dokumentere urett og lovbrot.

Journalistar skal stille maktpersonar til ansvar og heve fram dei som treng omverdas merksemd, men som kanskje ikkje får den automatisk.

Når 20 millionar menneske lever i naud utan at det får brei mediedekning, så har media gått bort frå denne rolla og blitt noko anna.

Kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, Håkon Haugsbø.

Dagens nettaviser og nyheitssendingar handlar i stadig større grad om hendingsnyheiter og underhaldning, enn om analyse og bakgrunn.

Det handlar ofte om «oss», og sjeldnare om «dei». I verdas rikaste land burde vi vere meir opptekne av «dei».

Vi i Kirkens Nødhjelp jobbar i område der tusenvis av menneske ikkje har mat, vatn eller ein heim. Vi jobbar i flyktningleire og på sentre for overgrepsofre.

Vi møter menneske med sterke historier som verkeleg set vår norske verden i perspektiv. Desse historiene vil vi fortelje vidare, men det er ikkje alltid like enkelt.

Telefonen står stille

Minst 20 millionar menneske treng hjelp i Jemen, Somalia, Sør-Sudan og Tsjadsjøregionen.

FN kallar det den største krisa sidan andre verdskrig.

Dette har vore kjent ei stund, utan at det har fått journalistane til å bestille billettar dit.

Nyleg gjekk elleve norske bistandsorganisasjonar saman og laga kampanjen «Still sulten», for å prøve å skape meir merksemd om krisa. Det hjelpte litt, men langt frå nok.

Når vi ser kor mykje ressursar det vert lagt ned i å dekke terrorhendingar i land som liknar på Noreg, så vert vi både forundra og uroa.

Vi skulle ønskje journalistane engasjerte seg like mykje for dei menneska Kirkens Nødhjelp møter.

Sjølv om desse menneska ofte har ein annan hudfarge og bur i eit land som er annleis enn Noreg, så er det likefullt uskyldige menneske som fortener vår merksemd.

Men sjølv når 20 millionar menneske er i akutt naud, så står telefonen stille hos oss som jobbar midt oppi det. Kvifor er det slik?

Vi vil fortelje for å kunne hjelpe fleire

Ein del av Kirkens Nødhjelps jobb er å bidra til meir merksemd rundt dei sakene vi jobbar med.

Mohobo Abdinur Hussein (1) med moren Shugri Mohamud Jama ved vannutdelingen til Kirkens Nødhjelpi Ussgure i Puntland,.

Og sjølv om vi vert skulda for å mase og tigge, så kjem vi ikkje til å gje oss.

Så er det sjølvsagt journalistane sin jobb å stille oss kritiske spørsmål, eller bruke informasjonen dei får på ein god måte.

Bistandsorganisasjonane kan sjølvsagt ikkje åleine få ansvaret for å danne eit bilete av situasjonen i utviklingslanda. Journalistane må også leite etter andre kjelder og historier.

Men for Kirkens Nødhjelp er det bistand og naudhjelp som er vår ekspertise, og vi vil fortelje flest mogleg om det vi gjer, for då kan vi også hjelpe endå fleire. Vi har ikkje skumlare motiv enn som så.

Krisa påverkar også Noreg

Vi trur at summen av dagens mediedekning skaper eit heilt skeivt bilete på verda, og at den skaper avstand mellom menneske.

Media klarer ikkje å forklare årsakssamanhengar godt nok.

Flyktningsituasjonen i Europa er eit døme på dette. Det er ikkje før flyktningane kjem til Middelhavet at dei får vår merksemd.

Og når det først skjer handlar diskusjonen stort sett om Europa og våre behov. Media klarer i liten grad å vise oss heile biletet.

Kva som skjer før flyktningane kjem til Middelhavet. Kva som er årsakene til at folk flyktar.

Og ei krise der 20 millionar menneske lever i naud, slik som no, er nettopp ei av årsakene til at folk flyktar. Landa i Sahel kjem til å vere leverandør av flyktningar til Europa i lang tid framover om det ikkje skjer ei endring.

Difor er denne pågåande krisa interessant også sett i lys av flyktningdebatten. Skal vi meine noko om flyktningar, treng vi også vite kvifor dei flyktar.

I innanriksjournalistikken er det «å springe etter blålys» noko av det enklaste ein journalist gjer.

Det er diverre tendensar til at den utanriksjournalistikk som får stor merksemd i dag er meir prega av blålys enn av det store biletet.

Hendingsnyheiter er enklare å dekke, men gjev oss lite informasjon til å forstå samanhengar.

Fleire bryr seg når fleire veit

Dei siste åra har nettaviser og stadig fleire direktesendingar ført til at desse hendingsnyheitene får ekstra mykje merksemd.

Og om enkelthendingar vert dekka detaljrikt, utan å bli nyansert med andre nyheiter, vil folk sitte att med eit skeivt syn på verda.

Farhiya Abdi Rihman Abdulahy er syk av sult. Hun ligger på fanget til mamma Buha som har mistet to barn av sult, og er redd for å miste flere. Her blir hun trøstet av lillebror Ahmed.

Vi er uroa for kva dette kan føre til.

Journalistane har også dei eit ansvar for å bidra til å bygge bru og ikkje mur.

Det er jo klart at avstanden mellom verdas folkeslag vert større når media alltid rapporterer meir kjenslelada og grundigare om terrorhendingar i Vesten, medan terrorhendingar lengre borte handlar om tal og ikkje menneske.

Hadde terroren i Manchester blitt rapportert som ein notis, så er det klart folk ikkje hadde brydd seg like mykje.

Og om svoltkrisa som råker 20 millionar menneske hadde toppa nyheitssendingane ei veke i strekk, så er det klart at folk hadde brydd seg meir.

Det finnes mange unnskyldningar, slik som økonomi, bildetilfang, kjelder, geografisk avstand og ressursar, men dette handlar først og fremst om vilje og prioriteringar.

Det kviler eit livsviktig ansvar på norske journalistar og redaktørar. Om folk skjønner alvoret, så vert det også mobilisert nok hjelp til å gjere noko med denne uretten.

Politikarane vil då kjenne på ansvaret, folk vil donere pengar, og det kjem fram hjelp til endå fleire.

Powered by Labrador CMS