Kai Aage Pedersen, redaktør i Firda.

Debatt

No er det på tide at journalistar og redaktørar seier stopp!

«Firda tek sjølvsagt imot lekkasjar i bøtter og spann, men vi seier ikkje ja til å bli regissert på verken publiseringstidspunkt eller korleis saka blir laga», skriver Kai Aage Pedersen.

Denne artikkelen er over to år gammel.

No er det på tide at både journalistar og redaktørar seier stopp, folkens. Dette spelet har gått alt for langt.

Ta for eksempel søndagsutgåva av Bergens Tidende på papir, der regionavisa har brukt mesteparten av framsida på å fortelje om ei pengegåve frå kulturministeren:

«...DNS-sjef Stefan Larsson var henrykt over pengegaven fra kulturminister Abid Raja. Raja vil redde både Lysøen og DNS. - Lysøen får ti millioner kroner til å finne en god løsning for verksteder, lager og prøvesaler»

Oppslaget handlar om to viktige kulturinstitusjonar i Bergen: KODE som driv musea, inkludert Lysøen, som er komponistbustaden til Ole Bull og Den Nasjonale Scene. I sum så får desse nasjonalskattane 32 millionar kroner over statsbudsjettet til opprusting.

Dette framstår som eit godt tiltak. Men bildet som blir skapt av politikaren Abid Raja som gir rause gåver frå eiga lomme er i beste fall ganske misvisande. Dette er felleskapets pengar og Raja har som politisk tillitsvald fått i oppgåve å prioritere pengebruken på våre vegner.

Men Bergens Tidende omtalar altså dette som ei pengegåve. Statsråden blir omtalt som redningsmannen.

Når framlegget til statsbudsjettet vert lagt fram onsdag kan vi vere 100 prosent sikre på at det er kulturinstitusjonar landet rundt som er svært skuffa. Ein eller annan stad i dette enorme reknearket må det trekkast frå nokre millionar som gjer det mogleg å betala for opprustinga av Lysøen og DNS. Når nokon får, er det andre som ikkje får.

Men slik er dagane før statsbudsjettet blir lagt fram. For politikarar og media er denne tida på høgde med det Black Friday er for handelsstanden. Det blir selt og kjøpt såkalla budsjettlekkasjar kvar einaste dag. Same nyheita blir gjerne selt til fleire redaksjonar, pakka inn på litt ulike måtar.

Same shit, new wrapping!

Resultatet er ofte gladsaker som den vi fekk servert på førstesida i Bergens Tidende søndag. Desken tek fram store ord som «pengegåve» og «redningsmann» for å understreke at dette verkeleg er svære greier. Abid Raja kan fly tilbake til Oslo vel vitande om at bergensarane kan hjelpe partiet hans over sperregrensa.

Vi som er redaktørar må spørje oss om regjeringspartia får plass i for mange gladsaker i vekene før statsbudsjettet blir lagt fram. Bergens Tidende er på ingen måte spesielle. Også vi i Firda har hatt ein tendens til å rosemåla budsjettlekkasjar til lokale tiltak. Vi har vore lett bytte når Abid Raja, eller ein lokal statssekretær, skrur på sjarmen.

I Firda har vi bestemt oss for å skjerpe oss. Vi har til dømes slutta med å akseptere budsjettlekkasjar og pressemeldingar med sperrefrist (der dei set ein frist for når ei sak kan publiserast). Dette er etter vårt syn eit svært uheldig samarbeid mellom ei fri presse og politikarane.

Denne praksisen har gjort oss lite attraktive for statsrådar og statssekretærarar dei siste vekene. Firda-redaksjonen er attgløyma på bygdefesten som ikkje har kavalerar i den politiske toppleiinga i regjeringa. Dei fleste styrte budsjettlekkasjane må vi lese om hjå konkurrentane. Sist veke fekk vi tilbod om ei sak frå den politiske leiinga i regjeringa - under føresetnad at vi godtok deira frist for å publisere. Det takka vi nei til, og dermed fekk vi heller ikkje saka.

Firda tek sjølvsagt imot lekkasjar i bøtter og spann, men vi seier ikkje ja til å bli regissert på verken publiseringstidspunkt eller korleis saka blir laga.

Samfunnet går sjølvsagt ganske så uberørt vidare. Politikarane kuttar oss ut fordi vi nektar å vere med på deira ønske om å styre media. Men dei finn heilt sikkert ei anna mediebedrift , som meir enn gjerne let seg by opp til dans, når Abid og co. skrur på sjarmen.

Det blir fleire pengegåver frå regjeringa sine lommer dei neste dagane!

Powered by Labrador CMS