Under presentasjonen av nytt felles navn, «Vy», for NSB og Nettbuss.

No er Vy på sosiale medier: Difor skrotar dei NSB-kontoane og mistar over 160.000 følgjarar

Når Vy skal marknadsføre seg på Facebook og Twitter blir det utan draghjelp frå dei gamle NSB-kontoane.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det vart vurdert å endre NSB-kontoen til Vy på Facebook, men det vart ikkje riktig, seier Kai Fischer, digital marknadsfører for mobilitet og reiseliv i Vy, til Medier24.

Onsdag kom pressemeldinga frå Vy om at Nettbuss og NSB no har endra namn, som varsla i mars. NSB sine nettsider er no vy.no, NSB-appen vart til Vy-appen i natt, og arbeidet med å endre utsjånad på bussar, tog og bybilar er starta.

– Stort engasjement

I tillegg har dei fått splitter nye Twitter- og Facebook-kontoar.

Det betyr at dei 156.000 Facebook-følgjarane og over 7.000 Twitter-følgjarane til NSB, ikkje blir med på lasset når dei endrar namn.

– Me endra ikkje namn på NSB-kontoen fordi me ikkje lenger berre er ein togaktør, men òg buss. Ein kan heller ikkje slå saman Nettbuss si Facebok-side inn i NSB si Facebook-side, så difor var heller ikkje dette eit alternativ. Det var på eit så tidleg tidspunkt at me hadde ikkje gjort opp noko meining om kva som er best. Etter nøye vurdering landet me på at det riktige vart å etablere ny Facebook-side, seier Fischer vidare.

Elin Myrmel-Johansen, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Vy, legg følgjande til:

– Vy er ikkje berre eit togselskap. Me er både buss, tog, bybil og andre kollektivtransportformer, seier 

Elin Myrmel-Johansen er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Vy.

– Er det trist å miste alle NSB-følgjarane?

– Det håpar me jo at me ikkje gjer. Me reknar med at mange har lyst til å følgje oss på Vy. Det er stort engasjement rundt arbeidet me gjer kvar dag. Vy betyr mykje for folk i kvardagen.

På sikt skal dei noverande Nettbuss- og NSB-kontoane på sosiale medier leggjast ned, men det skjer nok ikkje før mot slutten av året, seier Myrmel-Johansen.

– Feil å dra dei over i Vy

Nettbuss har knappe 25.000 Facebook-følgjarar og 791 Twitter-følgjarar.

Fischer meiner legg til:

– Det som vog tyngst var at Vy i dag er noko heilt anna enn Nettbuss og NSB var kvar for seg. Det hadde blitt feil om ein bruker hadde byrja å følgje Nettbuss, for så å bli overført til Vy fordi me meiner at han/ho må bli med så me skal få store volum. Dette skal brukerane sjølv få avgjere.

Etter fire timar onsdag har Vy dryge 2.800 følgjarar.

– Vy er noko nytt

Myrmel-Johansen fortel til Medier24 at det gir dei nye moglegheiter når dei no må over på nye kontoar.

– Det gir oss sjansen til å fortelje at Vy er noko nytt. Ja, me er store på tog og buss, men òg på andre transportformer.

– Me har ikkje lov til å slå saman Nettbuss og NSB til en ny Vy-konto. Mår me no lagar ei heilt ny Facebook-side, så nyttar me høvet til å invitere følgjarane våre på Nettbuss og NSB over til Vy.

Powered by Labrador CMS