Prisvinnar Gjermund Erikstein Midtbø

NRK-journalist Gjermund Erikstein-Midtbø er tildelt Alf Helleviks mediemålpris

Gjermund Erikstein-Midtbø, journalist i NRK Buskerud, tok imot pris på 25.000 kroner på årsmøtet i Det Norske Samlaget torsdag kveld.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I si grunngjeving skriv juryen mellom anna:

«27-åringen får prisen både fordi han har ei god og trygg språkføring, og fordi han har synt eit sterkt engasjement for nynorsken i arbeidet som fast tilsett journalist i NRK Buskerud.»

Det er ein stolt telemarking som tek imot prisen.

– Det er veldig stas å få ein slik pris. Nynorsk og dialekta mi er veldig viktig for meg, og er noko eg er bevisst på å halda på. Kanskje spesielt fordi eg både jobbar i og er frå eit område der både nynorsken og dialekta dessverre forsvinn meir og meir, seier Gjermund Erikstein-Midtbø.

Redaktør i NRK Buskerud, Chris Carlsen, og prisvinnar Gjermund Erikstein Midtbø.

Han legg til:

– Då er det veldig moro å høyre at ein har blitt lagt merke til. Ein slik pris gjev ekstra inspirasjon til å kjempe vidare for meir nynorsk i NRK, spesielt på nett.

Redaktør for NRK Buskerud, Chris Carlsen, er òg glad for prisutdelinga:

– Me er først og fremst veldig glad på Gjermund sine vegne. Dette er ei stor anerkjenning for han. Men det er òg ei anerkjenning for oss som redaksjon, som me set stor pris på.

I vedtektene til prisen står det:

«Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. I dette ligg det ikkje noka nedvurdering av den menneskelege og språklege verdien av at den vanlege mann og kvinne bruker sitt naturlege talemål, t.d. i ein intervjusituasjon.»

Powered by Labrador CMS