Vaktsjef Ole Marius Rørstad og distriktsredaktør Eivind Undrum Jacobsen

NRK Nordland fekk 27.000 visingar på direktesende morgonmøte. Dette lærde dei

NRK Nordland strøyma fire morgonmøter direkte på Facebook. – Publikum engasjerte seg, seier distriktsredaktør Eivind Undrum Jacobsen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medier24 skreiv i januar om at NRK Nordland i veke fem, frå tysdag til fredag, skulle strøyme morgonmøta sine direkte på Facebook.

No fortel distriktsredaktør i NRK Nordland, Eivind Undrum Jacobsen, at responsen var god, men at interessa byrja å minke mot slutten av veka.

 

Ufarleggjering

– Det var ganske mange som følgde med. I løpet av dagane var det nesten 33.000 starta strøymingar på sendingane. Det er i utgangspunktet bra, men interessa var størst i starten, og det var litt venta, seier Undrum Jacobsen.

Og rett har han i det. Ein kjapp gjennomgang viser at første sending fekk 10.000 visingar, medan dei resterande tre fekk høvesvis 7.700, 6.600 og 5.600.

– Publikum engasjerte seg i sakene me diskuterte, og kom med tips. Både i chat og andre kanalar, seier han vidare.

Undrum Jacobsen legg til:

– Det aller viktigaste var at me fekk ufarleggjort morgonmøtet, prosessane og måten me jobbar på.

– Kanskje ein gong i månaden er nok

Distriktsredaktøren meiner det vert viktig for norske redaksjonar å opne opp for publikum, og gjere seg meir transparente.

– Det har me gjort på fleire måtar med strøyming, chat, opne arrangement, kåringar og liknande. Dette vil me halda fram med i ulike former. Måten media klarar å opne seg til publikum trur eg vil endre seg sterkt – og me kjem til å bli meir opne, seier han.

NRK Nordland strøyma morgonmøta sine.

Han meiner at å sende morgonmøta direkte var eit godt grep i målet om å koma tettare publikum. Likevel kan er han bevisst på at sosiale medier-brukarar ikkje er interessert i repeterande innhald, og at det kanskje vart litt mykje med fire sendingar på fire dagar.

– Eg er ikkje sikker på at verken me eller publikum tykkjer det var ok å gjere det kvar einaste dag, seier han diplomatisk.

– Kanskje ein gong i månaden er nok. Det er òg andre måtar å invitere dei inn i avgjersler på, når det gjeld val av saker og case, eller at publikum kjem med sine idear, legg han til.

 

Ingen lause rykte

Når ein sender morgonmøta direkte kjem det nødvendigvis avgrensingar på kva ein kan seie og ikkje. Lause rykte kan ikkje formidlast, og kjeldevernet kan ikkje brytast.

– Du må tenkje at du er i publiseringsmodus, og du kan ikkje ta utgangspunkt i lause rykte – men heller fastare saker. Eg opplever at mange moglegheiter kom fram, og me fekk idear og kommentarar frå publikum, seier han.

– Gav det ekstraarbeid ved at de måtte ha eit ordinært møte etterpå.

– Eg vil ikkje seie at det gjorde det. Me koordinerte mellom vaktsjef og redaksjonssjef før møtet, og så fordelte me saker etter møtet. Me plaga ikkje publikum med klassisk interninformasjon, seier han.

 

Powered by Labrador CMS