P3morgen-programleiar Martin Lepperød. Innfelt er kampanjen for Norsk Friluftsliv.
P3morgen-programleiar Martin Lepperød. Innfelt er kampanjen for Norsk Friluftsliv. (Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal/Skjermdump)

NRK-profil stilte i kampanje for organisasjon: No tek kanalen sjølv­kritikk

Mediekritikar åtvarar om rolleblanding etter at P3-programleiar Martin Lepperød stilte opp i kampanjevideo. – Ikkje i tråd med NRK sin policy, svarar P3.

Nyleg dukka programleiar Martin Lepperød i P3morgen på NRK opp i ein reklamekampanje om allemannsretten for interesseorganisasjonen Norsk Friluftliv.

NRK sine interne etiske retningslinjer, nedfelt i NRK-plakaten, slår fast at deira «redaksjonelle medarbeidarar kan ikkje (…) medverke i reklame eller salsfremjande aktivitetar for andre».

 

P3morgen og komikar Martin Lepperød i kampanjevideo for Norsk Friluftsliv. Her i eit sponsa innlegg på Instagram. Foto: Instagram

Betalt oppdrag

– I dette tilfellet valde me å godkjenna, fordi me meinte at ein videojobb for ein paraplyorganisasjon som består av 18 ideelle organisasjonar som jobbar med friluftsliv ikkje var eit utprega kommersielt oppdrag, seier NRK P3 sin radiosjef, Ida Jevne, til Medier24.

Ho presiserer:

– Me ser i ettertid at dette ikkje er i tråd med NRK sin policy på området, og skal sørgja for å skjerpa inn rutinane.

Oppdraget var betalt, stadfestar NRK. Også komikar Magan Gallery er med i kampanjen.

Lepperød ynskjer ikkje å kommentera saka overfor Medier24.

 

– Bruker NRK-posisjonen

Mediekritisk spaltist i Medier24 og fagmedarbeidar Trygve Aas Olsen på Institutt for Journalistikk (IJ) meiner Lepperød bør avstå slike oppdrag.

Fagmedarbeider ved Institutt for Journalistikk (IJ) og mediekritisk spaltist i Medier24, Trygve Aas Olsen.
Fagmedarbeidar ved Institutt for Journalistikk (IJ) og mediekritisk spaltist i Medier24, Trygve Aas Olsen. Foto: Ole Alexander Saue

– Dersom NRK-jobben hans er det som har gitt han kjendisstatus, så er det grunnen til at han vert beden om å bidra i slik reklame. Det bør han la vera, fordi då bruker han NRK-posisjonen sin til å promotera ei annan sak.

– Kan det kombinerast å bidra i ein slik kampanje og snakka om det same temaet i programmet sitt?

– Den problemstillinga viser jo kva dilemma han potensielt kan hamna i. Dei som har sett kampanjen kan tenkja at «aha, det er slik det heng saman. Først reklamerer han for det, og så får dei ein kick-back i redaksjonell omtale.» Slik kan utkropne sinn tenkja, seier Aas Olsen.

– Det er det som er poenget med reglar mot slikt. Det er journalisten sitt ansvar å ikkje stilla seg i slike posisjonar. Sjølv om det er hyggjelege saker som norsk friluftsliv, legg han til.

 

Vurderer på redaktørnivå

Lepperød får innimellom tilbod om andre oppdrag, opplyser NRK.

NRK P3s redaksjonssjef, Ida Jevne
NRK P3 sin radiosjef, Ida Jevne. Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal

– Når leiarar tek mot spørsmål frå medarbeidarar som har blitt invitert til å delta i andre fora gjer me ei vurdering av mellom anna korleis ei slik medverking kan påverka NRK sitt omdømme og korleis det vil påverka profilens eller programleiaren sin integritet, sjølvstende og relasjon til publikum. Den vurderinga vert gjort på redaksjonssjefs- eller redaktørnivå.

– I kvart høve vurderer me om oppdraga kan vera eller kan bli problematiske opp mot NRK sin policy og programleiarrolla i P3.

 

– Mange kjenner han gjennom P3morgen

Kommunikasjonsrådgjevar Synne Kvam i Norsk Friluftsliv seier til Medier24 at dei valde Lepperød fordi kampanjen har målgruppa unge mellom 15-25 år, for å auka kunnskapen om allemannsretten og pliktene som følgjer den.

– Då valde me Lepperød, fordi han er ei profil som mange kjenner gjennom standup og P3morgen, og fordi han er ein artig kar, seier ho til Medier24.

Kommunikasjonsrådgjevar i Norsk Friluftsliv, Synne Kvam. Foto: Norsk Friluftsliv

– Informasjon om allemannsretten er kanskje ikkje det mest juicy, men det er viktig informasjon som unge bør få med seg – særleg i år, når så mange skal ut og bruka naturen, legg ho til.

– Lepperød sitt oppdrag for oss var avklart og godkjent av NRK. Det er ein stor skilnad på å stilla opp i ein informasjonskampanje om allemannsretten, og i ein salsfremjande reklamekampanje. NRK har i likskap med oss eit samfunnsoppdrag, og det er i alle sine interesse at unge i dag veit om moglegheitene allemannsretten gir dei, men òg kva plikter dei må følgja når dei er i naturen, seier ho vidare.

Til toppen