NRK-journalist Hallvard Sandberg.
NRK-journalist Hallvard Sandberg. (Foto: Skjermdump/NRK)

NRK sin Hallvard Sandberg vil ikkje kalla seg korona­ekspert: – Eg er nerd

NRK sin nye studioyndling, Hallvard Sandberg, jobbar 12 timar dagleg og står opp om natta for å lesa ferske forskingsrapportar.

– Eg var nok den i nyheitsavdelinga som skreik og hoia mest om at me måtte senda folk på heimekontor og sørgja for handvask. Eg laga ein del slike saker før det vart teke alvorleg.

I om lag seks veker har det berre gått i koronaviruset for utanriksjournalist Hallvard Sandberg, NRK sin sjølvtitulerte nerd, ekspert på amerikansk romfartshistorie og no «side kick» i koronastudioet til rikskringkastaren – med eiga fan-side på Facebook.

– Første gang eg jobba med sjukdomsutbrot var for 20 år sidan, då det var E. coli i fårepølse som tok livet av ungar i Norge. Det var ei kjempestor sak som rulla gjennom heile Norge. Då sette eg meg inn i kva E. coli er – las om korleis, korleis, korleis. Difor har virus og bakteriar blitt mi greie, då eg har eit nerdeperspektiv på det, seier Sandberg.

 

Var førebudd på å gå i hi

No sit Sandberg 4-5 timar i studio annan kvar dag, og gjer alt han kan for å halda seg oppdatert på siste nytt, og aller helst liggja i forkant på kva som kjem til å skje. Sjølv hadde han nemleg mast seg til ein pc og installert seg på heimekontor alt før regjeringa innførte tiltaka.

Programleiar Ida Creed og NRK-journalist Hallvard Sandberg, under sending søndag 29. mars. Foto: Privat

– Eg var nok sett på som alarmist, og var førebudd på å gå i hi, seier han.

– Me gjekk litt i sjokk alle saman. Eg var kjempeletta, og så glad for at det vart innført, og eg ville verkeleg at dette skulle skje, seier Sandberg vidare om då Erna Solberg 12. mars presenterte dei mest inngripande tiltaka Norge har innført sidan fredstid.

 

– Det blir lite søvn

Likevel vart han ein del av NRK sitt faste korona-team i studio, som dermed betyr at også han er nøydd til å stilla opp i tv-studio på Marienlyst. Og jobben inneber, openbert, mykje førebuing.

– Korleis vil du beskriva kvardagen din no?

– Oppteken. Den består av jobb og forsøka å gjera litt for familien. All mogleg tid går til å lesing, kommunikasjon og research. Eg står opp om natta for å ta føre meg det som kjem frå USA av forskingspublikasjonar. Det blir lite søvn, og slik har det vore i om lag ein månad no. Berre dette. Ingenting anna.

– Kva gjer du elles for å alltid vera oppdatert på siste nytt?

– Eg forsøker å vera litt i forkant, prøver å sjå kva som kjem til å vera tingen om nokre dagar – kva er det der som er litt vanskeleg å forstå, og som det kan vera mogleg å finna ei enklare forklaring på? Då forsøker eg å setja meg inn i det. Eg er nerd, og det er det som har vore mi greie.

Berre rådet å vaska henda, fordi det vil drepa bakteriar, er noko Sandberg ville stilt store spørsmål ved. Korleis kan såpe ta livet av viruset?

– Eg er innstilt slik at eg må vita kvifor. Du må vaska med såpa, men kvifor det? Kvifor ikkje skylje det godt i vatn?

Vidare åtvarar han om desinformasjon og misforståingar.

– Når slikt spreier seg, så må eg prøva å forstå om dei har rett. Eller kvar feilen er, kven som har sett det i gang, og kven som har misforstått? Det tek mykje tid.

 

– Eg kan vera krevande i studio

Og tilbakemeldingane har vore utelukkande positive, ifølgje Sandberg. Men det var éin kommentar som fekk han til å tenkja.

– Det var éin som var litt surmaga – ikkje mot meg – men det var ein kommentar om kva om det var ei kvinne om sat i studio og var så skråsikker. Kva hadde skjedd då? Det kan eg vera samd i. Om det var ei kvinne som sat og var så breial i kjeften trur eg twitteratet hadde vore litt slemmare, seier han.

NRK sin Hallvard Sandberg. Her før ei Dagsnytt 18-sending. Foto: Privat

– Og kva er nøkkelen til forståeleg formidling av eit så komplisert tema?

– Du må vera heilt 100 prosent sikker på at du forstå det sjølv, og så må du i forkant ha gått gjennom det grundig, slik at det ikkje er fallgruver i forståinga di, og så må du førebudd på det som kan dukka opp. Om du skal vera eksperttryne, må du overtyda deg om at du greier å svara på alle moglege spørsmål.

– Korleis er det å sitja der i fire-fem timar i strekk?

– Du føler deg litt kokt i hovudet etterpå. Du må konsentrera deg, og så må du følgja med på kva som elles skjer. Eg forsøker i tillegg å visa fram grafar og visuelle hjelpemiddel for å forstå ting. Du er ganske køyrd når du er ferdig. Det kjennest litt som å vera ferdig med ein eksamen kvar gong.

Kanskje er det det også for programleiaren, for som Sandberg sjølv seier: NRK er avhengig av å ha eit godt anker som kan matcha stilen hans for at sendinga skal bli vellukka.

– Kan du vera litt krevande å ha i studio?

– Ja. Det må eg seia.

Til toppen