Facebook-posten til Sylvi Listhaug (til venstre) og advokat Brynjar Meling.
Facebook-posten til Sylvi Listhaug (til venstre) og advokat Brynjar Meling. (Foto: Skjermdump og Berit Roald / NTB scanpix)

Ny storm mot Listhaug etter Facebook-post: – Absolutt alt er gale med den!

Sterke reaksjonar etter Sylvi Listhaug-innlegg i sosiale medium. – Er det slik det ser ut å vera på flukt i båt? Roleg sjø og vakker solnedgang? spør lege og forskar Kaveh Rashidi.

Torsdag delte eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug eit bilete av ein full båt ute på havet med solnedgang i bakgrunnen på sosiale medium. Under biletet sto det «Norge skal ikke ta imot båtmigranter». «Enig?» spurde Listhaug følgjarane sine.

Innlegget har skapt sterke reaksjonar i sosiale medium. Advokat Brynjar Meling går hardt ut mot statsminister Erna Solberg, som meiner ho bør skamma seg for å la Listhaug bli minister. Innlegget har til no over 20 retweets og 1.000 likarklikk.

 

– Desperat

Han utdjupar overfor Medier24:

– Alt er gale med den posten. Absolutt alt. For det første, så trur eg at me alle – ved å hjelpa flyktningar – hadde fått det godt med oss sjølv – og dermed ein «enklare kvardag». Dernest er det å snakka om «migrantar» eit forsøk på å distansera og objektivisera menneske, som i sin nød risikerer livet for å få eit betre liv for seg og sine barn, ved å forsøka å komma seg over havet, seier Meling, og legg til:

– Og dette skal ho då forsøka å få folk til å like og dele i ein valkamp.

Det er ikkje meir enn knapt halvanna år at dåverande justisminister Listhaug måtte gå av som følgje eit Facebook-innlegg fleire kopla til 22. juli-terroren i Oslo og Utøya. Der skulda ho Arbeidarpartiet for å meine at «terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet» – etterfølgd av «lik og del».

No får Listhaug ny merksemd for sine utspel i sosiale medium, som vert ein stadig viktigare kanal for politikarar i valkampen.

Heller ikkje Rødt-leiar Bjørnar Moxnes er imponert over Facebook-posten.

Leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– No byrjar Frp og Listhaug å bli desperate, og det kan ein jo forstå, for det går elendig med dei på meiningsmålingane. Folk flest ser at Frp gir skattekutt til dei rike og bompengar til vanlege folk, og har fått nok. Så difor trekk Listhaug innvandrarkortet, men eg trur ikkje særleg mange går på den, seier Moxnes til Medier24.

Han legg til:

– Listhaug er dyktig på PR og å få ansiktet sitt i media. Ho har nok plukka med seg nokre triks frå si tid i First House, legg Moxnes til og sender eit stikk til politikaren med fortid i PR-selskapet.

 

«Er det sånn her det ser ut?»

Lege Kaveh Rashidi svarte statsråden ved å stilla tre spørsmål. Han er lege, forfattar, spaltist, forskar og lektor ved Universitetet i Oslo.

 

Kommunikasjonssjef for Den norske Helsingforskomite, Emil André Erstad, skriv følgjande på Twitter:

 

Erstad er tidlegare nærmaste rådgjevar for tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Twitter-brukar Jonas Karlsen Åstrøm ynskja å visa at det finst alternative måtar å framstilla båtmigrantar på.

 

I ein e-post til Medier24 svarar Listhaug slik på kritikken via sin rådgjevar Maria Alseth:

«Det er helt vanlig at FrP lager kampanjer til sosiale medier på temaer som vi er opptatt av å formidle. Vi er helt tydelig på at vi ikke vil ta båtmigranter til Norge og det er det bildet kommuniserer.  Leger Uten Grenser og andre organisasjoner som opererer i området bidrar til at flere legger ut på den livsfarlige ferden over Middelhavet. Det bidrar i verste fall til at flere liv kan gå tapt. Båtene bidrar til å hjelpe menneskesmuglere med å frakte folk til Europa. Dette er det viktig å kommunisere fordi vi vil forhindre at migranter legger ut på denne farlige ferden.  

Landinfo har også uttalt seg om dette og bekrefter det FrP har sagt hele tiden. Her henvises det til rapporter fra Global Initiative against Transnational Organized Crime og Institute for Security Studies som viser at tilstedeværelsen av redningsskip i farvannene utenfor Libya påvirker valgene til smuglerne og migrantene. I hele juli var det 1000 personer som kom seg over til Italia. På bare 4 dager plukket Ocean Viking opp 350 personer. Så å si at dette ikke bidrar til at flere tar sjansen på å reise over som Leger Uten Grenser forsøker seg er motbevist.»

Til toppen