Nye praktikantar til Førde: Desse fire skal verte journalistar på seks månader

To rogalendingar og to sunnfjordingar til Nynorsk Avissenter.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

- I eit hav av nettsider der kven som helst kan publisere, er det viktig å halde på ei sterk og trygg presse som formidlar på begge målformer, seier Kjell Åsmund Sunde (28), i ei pressemelding frå Nynorsk Avissenter.

Sunde er ein av fire nye journalistpraktikantar som får plass i Stiftinga Nynorsk avissenter i Førde frå årsskiftet.

To rogalendingar og to sunnfjordingar er valde ut blant 18 godt kvalifiserte søkjarar til opplæringsprogrammet på seks månader.

- Vi reklamerer med at vi har landets mest effektive opplæring i moderne avisjournalistikk. Formålet er å styrkje dei vel 60 nynorskavisene i Noreg som treng fagleg og språkleg sterke journalistar. Dei nye, digitale forteljarteknikkane er ein viktig del av opplæringa, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar i Stiftinga Nynorsk avissenter.

Her er dei fire utvalde:

• Elise Løvereide (25) frå Stavanger er statsvitar med master i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (UiB). Elise er ansvarleg redaktør for Samviten, studentmagasinet for Det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiB, og debattredaktør for ungdomstidsskriftet Under Arbeid. Ho har vore journalist i studentavisa Unikum, og i haust tek ho frilansoppdrag for lokalavisa Bygdanytt.

- Urettferd engasjerer meg, og det skal eg ta opp som journalist. I Nynorsk avissenter vil eg lære å skrive ulike teksttypar, seier Elise.

• Kjell Åsmund Sunde (28) frå Jølster er utdanna tekstforfattar på Westerdals ACT (Oslo School of Arts, Communication and Technology). Han har vore med å utvikle konsept i produksjonsselskapet Monster og hadde praksisperiode i Teddy TV som tekstforfattar i Typisk Deg med Petter Schjerven. Kjell Åsmund har drive mykje med teater, og han er aktiv i målrørsla.

- I eit hav av nettsider der kven som helst kan publisere, er det viktig å halde på ei sterk og trygg presse som formidlar på begge målformer, seier han.

• Erlend Astad Lorentzen (26) frå Egersund er særleg interessert i flugefiske, fotografering, språk, teknologi og kultur. Erlend er språkvitar med mastergrad i allmenn lingvistikk frå UiB. Nyleg avslutta han ei prosjektstilling hjå Google i Stockholm, der han var med å lage ein norsk talesyntese og talegjenkjenning. I fritida medverkar han med tekst, film og foto til ein blogg om aurefiske og venskap. Erlend har hatt bokmål som opplæringsmål, og no gler han seg til å skrive meir nynorsk.

- Eg tykkjer båe målformer kan skape vakker tekst, og eg har eit sterkt ønske om at begge skal vere representerte i kulturen vår, seier han.

• Ivar Bruvik Sætre (23) frå Førde er bachelor i engelsk frå Universitetet i Bergen. Han er i gang med årsstudium i psykologi, men det set han gjerne på vent til fordel for journalistikken. Både personleg og fagleg er han engasjert i nynorsken. Ivar elskar å skrive, og han klør i fingrane etter å trykke «Nytt dokument» og komme i gang – uansett oppgåve. Den opphavlege planen hans var å bli lærar, men lidenskapen for å formidle seg skriftleg fekk han til å innsjå at journalistikk er retninga å gå.

- Eg stiller alltid spørsmålet «korleis kan eg gjere dette kjedelege temaet interessant?» eller «korleis kan denne tørre saka vinklast på ein morosam måte?» fortel han.

Samarbeid med NRK

Dette er det sjette kullet ved opplæringa i Førde.

Praktikantane går rett ut i praksis i Noregs største nynorskavis Firda, knytt saman med over 20 forelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode.

Avissenteret har tett samarbeid med søstertiltaket NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som sidan 2004 har gitt tilsvarande opplæring spissa mot NRK.

  • Stiftinga Nynorsk avissenter er finansiert med eit driftstilskot på 2,2 millionar kroner over statsbudsjettet og 600.000 kroner frå Firda Media. Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Firda Media står bak stiftinga.
Powered by Labrador CMS