Tiende kull, og ny daglig leder - fra venstre: Kjell Ove Nordeide, Per Lønning, Vetle Mikkelsen, Thomas Vie Nordeide og Torvald Hjelden Sætrang.
Tiende kull, og ny daglig leder - fra venstre: Kjell Ove Nordeide, Per Lønning, Vetle Mikkelsen, Thomas Vie Nordeide og Torvald Hjelden Sætrang. (Foto: Ivar Myklebust Longvastøl )

Nytt kull og ny daglig leder på Nynorsk avissenter: Disse skal få seks måneders intensiv journalistopplæring

Og med det tiende kullet er det for første gang bare unge menn blant de unge praktikantene.

Stiftelsen Nynorsk avissenter startet nylig opplæringen av det tiende kullet praktikanter, som skal gjennom fire intense måneder med produksjon og teori i Førde, før de skal ut i to måneders praksis i en redaksjon. Opplæringa gjennomføres av stiftelsen, i tett samarbeid med regionavisa Firda. 

Og for første gang er det bare unge menn i kullet, melder senteret. Siden starten i 2013 har det vært 60 prosent kvinner, så dette er et unntak, understrekes det. 

Med vårens kull har totalt 41 praktikanter fått opplæring i språk og journalistikk. Vel halvparten av dem arbeider i dag som journalister, skriver Nynorsk avissenter. 

Som samtidig melder om en nyhet: Kjell Ove Nordeide overtar nå som daglig leder for opplæringen. Han har jobbet mange år i Firda, og har siden i fjor høst vært faglig leder på avissenteret.

Avtroppende leder Ivar Myklebust Longvastøl skal i høst tilbake til stillingen som journalist i Firda, men før det skrive bok om Oddny og Magnar Kleiva, kjent fra filmene «Søsken til evig tid». 

 

Og slik presenteres de fire nye praktikantene: 

  • Torvald Hjelden Sætrang er 20 år og frå Innfjorden i Romsdal. Torvald er glad i å skrive, og etter vidaregåande gjekk han på Skjeberg folkehøgskole og lærte sportsjournalistikk. Han er interessert i det meste av sport, og også oppteken av politikk. Sist sommar var han vikar i lokalavisa Åndalsnes Avis, der han fekk stort ansvar frå første dag. Han gjekk helgevakter åleine med ansvar for å publisere nyhendesaker fortløpande på nett. Dette gav meirsmak, og han er på plass i Nynorsk avissenter for å lære meir journalistikk og bli betre i nynorsk.
  • Thomas Vie Nordeide (32) voks opp i Fyllingsdalen i Bergen, men har også sterke røter i Førde. Han er utdanna medievitar med mastergrad frå Universitetet i Bergen, og han har kommunikasjonsfag i fagkrinsen. Thomas har jobberfaring frå kommunikasjon, PR og journalistikk. Han har vore nettredaktør og reporter i studentavisa Samviten, og han har praksis frå Studentradioen og Bergen Student-TV. Thomas har tru på at journalistjobb i ei lokalavis er eit interessant og givande yrke, og den sterke tilknytinga til Sogn og Fjordane gjer at han satsar her.
  • Per Lønning er 25 år og frå Stord i Sunnhordland. Per er ivrig musikar med gitar og song som hovudinstrument. Han har gått Viken musikkfolkehøgskole i Gjøvik, på lina Jazz-Pop-Rock. Han flytta til Bergen og har vore innom fleire fag der, som psykologi, nordisk og samanliknande politikk, og han har gått eit halvt år på bibelskule i byen mellom dei sju fjell. Per er oppvaksen på gard. Han har vore ryddegut på hotell, har drive hjelpearbeid på Filippinane og har selt bustadalarmar. Med aukande samfunnsinteresse og -engasjement følgjer lysta til å bli journalist. 
  • Vetle Mikkelsen (21) kjem frå Odda, men har budd dei to siste åra i Bergen der han har studert Kjønnsstudiar og kulturvitskap. Engasjementet for nynorsk og språkmangfald byrja på vidaregåande skule i Odda, der han bytte hovudmål frå bokmål til nynorsk. Det gjekk eit ljos opp for meg, og eg oppdaga den språklege identiteten min, fortel han. Vetle har vore styremedlem i Sørfjorden Målungdom og lokallagsleiar i Skeiv Ungdom Hardanger og landsstyrerepresentant i Skeiv Ungdom. Han er ein ivrig debattant og meiningsberar, mellom anna i Si ;D i Aftenposten.
Til toppen