Ole Einar Bjørndalen etter Idrettsgallaen 2019 i Stavanger.

Ole Einar Bjørndalen ferdig i TV 2: – Over grensa for rolleblanding

Den tidlegare skiskyttarlegenda har fått jobb som trenar for Kina sitt landslag. Det betyr slutt for jobben som ekspert for TV 2.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag kom meldinga om at skiskyttarlegenda Ole Einar Bjørndalen vert ny trenar for Kina sitt skiskyttarlegenda. Han skal trena laget fram OL i Beijing 2022.

Det betyr at han no sluttar som TV 2-ekspert.

– Å vere landslagstrenar går ikkje an å kombinera med å vera ekspert for TV 2, seier sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2 til Medier24.

Det er berre ei veke sidan TV 2 rulla ut sin oversikt over sine sportsekspertar og kva roller og bindingar dei har.

Jansen Hagen fortel at dei har fått mange positive tilbakemeldingar, og at fleire har lurt på kvar grensa for rolleblanding går.

– No fekk me ein test. Dette er over grensa for rolleblanding, seier han.

– Bjørndalen er innforstått med at det å vera TV 2-ekspert og landslagstrenar ikkje går an å kombinera – uansett kor open ein er om den bindinga, legg sportsredaktøren til.

Jansen Hagen legg vekt på at openheit ikkje legitimerer alle typar bindingar.

– Sjølv om TV 2 lagar denne oversiktslista og viser til 100 % openheit, så vil ikkje alt vera greitt. Dette er eit døme på at det går ei naturleg grense, seier han.

Det har ikkje lukkast Medier24 å nå Bjørndalen torsdag ettermiddag.

Førre veke meldte NTB at Petter Northug heller ikkje lenger kan titulera seg som TV 2-ekspert. Det skjer etter at han no har signert ny sponsoravtale med Norges Skiforbund.

Powered by Labrador CMS