Ole Alexander Saue og Ole Gunnar Onsøien begge fast tilsett i Medier24

Olé, Olé! Medier24 køyrer på med to faste tilsetjingar: Ole Alexander Saue og Ole Gunnar Onsøien

- Me hadde svært mange kompetente søkarar og fekk det til slutt vanskeleg med kven vi skulla velja av Ole Alexander og Ole Gunnar. Så me tok like gjerne begge to, gliser redaktør Erik Waatland.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

(PRESSEMELDING): I sommar vart det klart at Gard L. Michalsen slutta i Medier24 for å bli sjefredaktør og administrerande direktør i E24 - og dermed lyste me ut éi ny stilling.

I dag er det derimot klart at me har tilsett to journalistar i faste 100 %-stillingar.

  • Ole Gunnar Onsøien (27)
  • Ole Alexander Saue (24)
Medier24 jubler over å nylig ha fått 1.000 betalende abonnenter. Nå øker den faste bemanningen fra 3 til 5. Fra venstre: Redaktør og daglig leder Erik Waatland, vaktsjef Eira Lie Jor, kommersiell leder Julie Hansson Tangen og journalist Ole Gunnar Onsøien.

Onsøien kom til Medier24 i august etter å ha jobba som journalist og frontsjef for iFinnmark.no og Dagbladet Finnmarken.

Då byrja han i eit tre månadar kort vikariat, men er no tilsett fast.

- Etter å ha vikariert i redaksjonen i litt over ein månad var det heilt sjølvsagt for meg å seie ja då det opna seg ein moglegheit for fast stilling. Medier24-gjengen har frå innsida vist seg å vere dyktige, kjappe og ikkje minst utruleg hyggelege mennesker. No ser eg fram til å bidra på Medier24s reise videre. Den trur eg vert sinnssjukt gøy!

Onsøien er utdanna fotojournalist ved Høgskulen i Oslo og Akershus (no OsloMet), og har før og etter studiene jobba som frilansjournalist. Han har òg vore tilsett som produktspesialist i Fujifilm Nordic.

- Eg gler meg utruleg

Ole Alexander Saue (24) kjem frå stillinga som journalist i fagnettstaden iLaks.no. Han er utdanna journalist ved University of East London.

24-åringen er tilsett i fast jobb i Medier24 og byrjar tidlegast 1. november.

– Eg gler meg utruleg til å byrja i Medier24. Eg har, som lesar, gang på gang latt meg imponera over kor mykje denne vesle redaksjonen har fått til med relativt få ressursar. Det vert spanande å bli ein del av ein så energisk og engasjert redaksjon, samstundes som eg får skrive om eit fagfelt eg har stor interesse for.

Redaktør og daglig leder Erik Waatland i Medier24.

– Sjølvsagt er det trist å forlate Vestlandet og iLaks, kor eg har hatt eit utruleg lærerikt og fint år, men eg er sikker på at Oslo og Medier24 tek meg godt imot.

Redaktør og dagleg leiar Erik Waatland forklarar kvifor redaksjonen plutseleg auka med endå eit årsverk:

- Eigentleg hadde me berre utlyst éi stilling, men eg seier som Bjørn Kjos gjorde då han kjøpte fly frå både Boeing og Airbus: Me fekk to veldig gode moglegheiter som me ikkje kunne la passera oss, så me slo like gjerne til på begge, seier Waatland og held fram:

- Medier24 er Norges største nettavis for nyheiter frå mediebransjen. Med dette grepet styrkar me posisjonen vidare - og lover å koma med fleire gode og morosamme nyheiter om kort tid.

Powered by Labrador CMS