Jan Inge Fardal er leder for Vestafjelske Redaktørforening og til dagleg redaktør i Sogn Avis. Til høgre er kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae.
Jan Inge Fardal er leder for Vestafjelske Redaktørforening og til dagleg redaktør i Sogn Avis. Til høgre er kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae. (Foto: Erik Waatland/Helse Vest)

Onsdag står Helse Vest skulerett for Vestafjelske Redaktørforening

Det skapte sjokkbølgjer på Vestlandet då Helse Vest bestemte seg for å avvikle praksis med offentleg­gjering av pasient­tilstand. No skal dei i møte med redaktørane.

Det var i slutten av februar at Helse Vest varsla at sjukehusa frå 1. mars ikkje lenger vil stadfeste eller gi opplysingar til media om pasienten er innlagt eller om helsetilstanden.

Redaktørane på Vestlandet slakta forslaget. Sigvald Sveinbjørnsson (BA), Magne Kydland (Sunnhordland), Dyveke Buanes (NRK Hordaland), Mads Yngve Storvik (NTB) og Arne Jensen (Norsk Redaktørforening) gjekk alle hardt ut i Medier24.

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.
Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening. Foto: Erik Waatland

Onsdag denne veka er Helse Vest invitert til Vestafjelske Redaktøforening sitt årsmøte på Comfort Hotel ved Flesland lufthamn.

– Det kan bli interessant, seier Jan Inge Fardal, leiar av Vestafjelske Redaktørforening, og til dagleg redaktør i Sogn Avis, til Medier24.

På møtet skal Helse Vest forklare grunnlaget for avgjersla dei har teke, medan redaktørane i foreininga skal få høvet til å stille spørsmål som dei lurer på.

– Me skal konfrontera og spørja dei, seier Fardal til Medier24.

På møtet er eit dusin redaktørar, i tillegg til Arne Jensen, generalsekretær i Norsk Redaktørforening.

Han har tidlegare vore sterkt kritisk til avgjersla, og forfatta i tillegg eit brev til Helse Vest, på vegner av redaktørforeininga, kor han ber om juridisk avklaring for grunnlaget Helse Vest har for praksisendringa.

Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest.
Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest. Foto: Helse Vest

– Me har stor respekt for media sitt behov og arbeidsmetodar og me innser at det vert ei endring no. Men det er noko som står høgare enn journalistane, og det er pasientane og våre tilsette, sa kommunikasjonsdirektør i Helse Vest, Bente Aae, i ein kommentar til brevet frå redaktørane.

Blant dei som kritiserte forslaget var Magne Kydland. Til Medier24 sa han:

– Eg vert frustrert når denne beskjeden kjem heilt utan førevarsel. Dette gjer våre arbeidsvilkår i pressa vanskelegare.

Til toppen