Ansvarlig redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende på tur i Lofoten.

Sommerpraten

Oppdaget tabben da han kom inn i mørkerommet: – Det var flaut

– Det var ikkje moro å fortelja redaktøren og kollegaene mine kva som hadde skjedd, seier Erling Wåge i Fjordenes Tidende i dagens «Sommarpraten».

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Sommerpraten» stiller Medier24 en rekke personer i og tett på mediebransjen spørsmål om hva de gjør i sommer.

Neste mann ut er ansvarlig redaktør og daglig leder Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

– Hvordan oppsummerer du første mediehalvår 2020?

– Mediehuset vårt, Fjordenes Tidende, skulle feire at vi blei 110 år 5. april. No snudde dette vesle viruset alt på hovudet. Vi rigga oss til på heimekontor og laga mykje viktig og god journalistikk. Teams har blitt det viktigaste hjelpemidelet og nysetningar har blitt: «Høyre du meg? Vent, eg må slå på Bluetooth».

Media har laga mykje god og viktig journalistikk både på sjølve korona-smitten og sjukdom, men også på alle endringane og konsekvensane dette vesle viruset har ført med seg. Media har verkeleg teke samfunnsansvar. 

– Hva er årets flause til nå?

– Vi plasserte ei gratulasjonsannonse på ein to år gamal gut under vignetten: «Dødsfall». 

– Hvilken bransjeperson har imponert deg i år?

– NRK sine dyktige og fagleg sterke journalistar og kommentatorar som har forklart viktige samanhengar og leita etter svar på viktige spørsmål som mange har vore opptekne av. Eitt namn: NRK-journalist Roger Severing Bruland som har reist rundt i Europa og som har gitt oss viktige rapportar. Og så må eg nemne mine eigne journalistar i Fjordenes Tidende. Dei er fantastiske.

– Hva gjør du i sommer?

– Kjøpte «koronabubil» og gjer som mange andre, opplever dette fantastisk flotte landet på hjul. Ytterst i landet, ytterst i verda ser vi fyr, holmar, fjell og natur som tek pusten frå oss. Først var det ei veke langs Helgelandskysten. Fantastisk. Så er det no to veker i Lofoten. Sola er med og alt funkar. Minst like fantastisk.

– Hvilke medievaner tar du med deg på ferie?

– Fjt.no og andre viktige lokale, regionale og nasjonale nettaviser som eg føl med på elles i året. Prøver å sjå meir på den flotte naturen enn å glo på ein skjerm og sosiale media. Har ei familigruppe på Whatsapp der vi deler private foto frå turen. 

– Hva er den største tabben du har gjort som sommervikar? Om du aldri har vært sommervikar: Hva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Ein tabbe som eg ikkje blir kvitt er frå tida med kamera med 200-, 400- og 800-asa film. Eg skulle dekke eit stort jubileum med promonente gjestar frå heile landet. Eg brukte mykje tid på å ta foto av denne historiske hendinga. Det var alldeles ikkje moro å oppdage inne på mørkerommet at filmen i kameraet ikkje hadde blitt trekt fram.

– Eg hadde altså ikkje eit einast foto. Det var flaut. Det var ikkje moro å fortelje redaktøren og kollegaene mine kva som hadde skjedd. Og endå mindre kjekt å ringe den ansvarlege for jubileet å fortelje han om kva som hadde skjedd. Gruppebildet som vi jobba med, vil aldri bli vist fram i historiebøkene. Fekk heldigvis lånt nokre private foto. I saka forklarte eg audmjukt fototabben min.

– Hva er ditt beste råd til årets sommervikarer?

– Reis ut, møt folk og få fram dei gode historiene om alt det spennande som dei driv med. Har du ein god i idé så ikkje ver redd og prøv den ut.

Powered by Labrador CMS