Kan VG-journalist Espen Moe Breivik også delta i Pride-paraden?

MENINGER:

Norsk Redaktørforening tek opp mange viktige spørsmål om Pride, likevel meiner eg dei bommar

«Som journalist ville eg aldri gått fremst under ei politisk parole, men så er det også mange måtar å markere på. For meg personleg er denne dagen i juni er ein av få dagar eg tør å ta tak i ei hand eller dele ut eit kyss til ein av same kjønn, utan å sjå meg over skuldra først.», skriv Espen Moe Breivik.

Publisert

I takt med at stadig fleire personar, bedrifter (også enkelte mediehus) og andre heisar regnbogeflagget eller kler sine logoar i desse fargane, så er det naturleg at det blir debatt.

På den eine sida har du dei som reagerer på at Pride har blitt kommersielt, og spør seg kor desse kreftene, også pressa, var den dagen homofile kvinner og menn blei banka av politiet, mista jobb, mista bustad, eller døde av aids.

På den andre sida har du dei som meiner Pride er politikk og ikkje høyrer heime på utestadar, skulesekkar, kommunale flaggstenger, eller i mediene.

Debatt om dette er sjølvsagt eit gode, og Pride handlar sjølvsagt om politikk. Den første paraden var tross alt opptøyar frå dei som hadde fått nok av trakassering, undertrykking, vald, fengsel og hat.

Der eg meiner Redaktørforeininga bommar og forenklar debatten, er ved å sette likheitsteikn mellom foreiniga Fri og regnbogeflagget eller pride-markering. Ingen enkeltorganisasjon eig verken markeringa eller symbolet.

På spørsmålet om mediehus skal endre logoar eller markere Pride på andre måtar, er det jo, som Redaktørforeininga skriv, noko kvart mediehus må vurdere for seg sjølv. For enkelte er det kanskje meir naturleg enn andre.

Eg tek det uansett ikkje personleg, om mi eiga avis, VG, ikkje kastar seg på «trenden» og endrar logo. Vårt samfunnsoppdrag er først og fremst å drive journalistikk.

Så er det jo likevel slik at norske medier ikkje står utan verken verdiar eller historie. VG har eit grunnsyn bygga på humanistiske ideal og demokratiske verdiar. Vi har gjort spesielle grep for å markere frigjeringa etter krigen, vi har samarbeida med organisasjonar for å redusere einsomheit, og tidlegare farga logoen i nettopp regnbogefargar.

Det å vere journalist er openbart eit privilegium, vi har tatt på oss ein jobb på vegne av befolkninga. Som journalist unngår eg derfor å uttale meg i saker offentleg, skrive under på underskriftskampanjer, vere medlem av nokon organisasjon, gå i demonstrasjonstog, ha aksjar eller andre inntektskjelder enn mediehuset eg arbeider i. Her har VG ei streng linje, som eg i stor grad er einig i.

Personleg er likevel Pride-markering viktig for meg, som skeiv.

For det skeive miljøet er Pride det 17. mai vil vere for dei fleste nordmenn. Og som nasjonaldagen har også parader og markeringar i bygd og by blitt ein folkefest med dei store verdiane i fokus.

Alle oss som har vore saman med personar av same kjønn veit at det er ein risiko for både kommentarar, hatytringar og truslar. Eg kjenner vel ingen skeive som ikkje har stått i dette sjølv, og har personleg blitt både trua med bank og blitt ropt etter. Også som journalist har eg mottatt meldingar med eit forsøk på å degradere meg i den rolla, fordi eg er skeiv.

Å redusere pride-markering eller regnbogeflagget til ideologi kjennast som eit forsøk på å redusere legninga mi til ein politisk diskusjon. Denne markeringa er i mine auge større og viktigare enn dette. Å heise regnbogeflagget er ein måte å seie; her er du velkomen.

At Redaktørforeininga problematiserer at ein som enkeltjournalist både dekker og deltek på eit og same arrangement har eg ikkje vanskeleg å forstå. Det ville også vere praktisk vanskeleg.

Så trur eg eit stort fleirtal av våre mediebrukarar ikkje kjenner seg lurt, sjølv om ein journalist på privaten markerer Pride, eller at ein skeiv journalist kan dekke eit tema som er relevant også for den skeive delen av befolkninga.

Til tross for alt eg held meg unna, for å oppretthalde ein journalistisk uavhengigheit, også i privatlivet mitt, så skal eg uansett markere Pride. Som journalist ville eg aldri gått fremst under ei politisk parole, men så er det også mange måtar å markere på.

For meg personleg er denne dagen i juni er ein av få dagar eg tør å ta tak i ei hand eller dele ut eit kyss til ein av same kjønn, utan å sjå meg over skuldra først. Dette skal eg gjere også i år, ikkje som ei politisk markering, men fordi eg kan, fordi eg kjenner meg trygg og fordi eg vil minne meg sjølv på å vere stolt over den eg er. Fordi eg og samfunnet vårt framleis har behov for det.

Om det gjer meg til ein dårlegare journalist får vere opp til andre å bedømme.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS