Per Lønning byrjar i Stord24.

Per Lønning (27) er tilsett som journalist i Stord24

Flyttar heim til Stord og gler seg til å bli kjend med nye miljø og sjå Stord frå ein litt anna innfallsvinkel, ifølgje Stord24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Per Lønning er tilsett som ny journalist i Stord24, skriv dei på sine nettsider. 

Han har redaksjonell erfaring frå mellom anna Dagen og ABC Nyheter. No gler han seg til å ta fatt på nye oppgåver i ei av lokalavisene på heimplassen. 

– Eg gler meg til å bli betre kjend med heimstaden min, men på ein ny måte. Å bli kjend med nye miljø og sjå Stord får ei litt anna innfallsvinkel er også noko eg ser fram til. Journalistyrket gir meg då eit utmerkt høve til å gjere dette, seier han til Stord24. 

Han er glad i nynorsken, så målforma vil ikkje bli ei utfordring. 

– Eg har alltid vore oppteken av nynorsken, og er vel kanskje meir interessert i språk enn mannen i gata. Eg likar jo den litt konservative nynorsken, og trekkjer gjerne fram eigenorda som skiljer nynorsken frå bokmålet. Så dette er noko som er sterkt knytt til identiteten min, seier han til Stord24.

Powered by Labrador CMS