Aune Sand diskuterer Salomos Høgsong med teologiprofessor Jone Salomonsen.

Debatt

Poesi eller griseri? Er du ein mann, er det nok det siste

«Det mannlege begjæret er endå ikke regulert etter gjeldande feministiske smak, og med god hjelp av Dagsnytt 18 og Vårt Land er nå også Aune Sand offentleg innlemma i gjengen av objektiviserande mannsgrisar», skriv Esther Moe.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • ESTHER MOE, skribent 
Esther Moe
 

Ai, ai, ai. Onsdag i førre veke kunne Dagsnytt 18 sine lyttarar igjen fastslå at mannsjåvinismen lever og leverer, og at Aune Sand er litt av ein gris. Med luktesaltet i den eine handa og pisken i den andre, samla indignerte seg rundt leirbålet ei seanse av dei sjeldne.

For sanneleg. Og gisp. I studio sat Aune Sand og snakka om «fjellkulpen» og «dalsøkket» til sin motdebattant, teologiprofessor Jone Salomonsen. I eit innslag om Salomonsens kritikk av Sands framføring og tolking av av Salomos Høgsong, den poetiske og erotiske kjærleikserklæringa i Bibelen.

Kor frekk går det an å bli? 

Salomonsen er mildt sagt lite begeistra for at Bibelselskapet har hyra inn kunstnaren til å formidla den vakre teksten i ein film spelt inn i Slottsparken. I avisa Vårt Land gir ho klar beskjed om Sand si «objektivisering» av kvinna. Ho er bekymra for at sjåarar ikkje vil vera i stand til å skilja bibelteksten frå Sands «klisjear». Og ja, det er ein godt medriven og øm Sand som opptrer blant trea i Slottsparken, der han han i kjent stil drar på med hengivne ord til kvinna.

Etter å ha fortalt om si mormor, som var ein trufast bibellesar, vrengjer Sand hjartet ut inn og lar det stå til i si innleiing til tekstlesinga:

«Det å kunne elske og ære henne. Og gi henne alle dine krefter. Og løfte henne opp så godt vi kan. Og vise henne solen. Og vise henne markene. Og blomstene. Og havet. Og himmelen. Og evigheten».

Så langt, lite vulgaritet å spora. Men kva hjelper det når kjønnsteorien er feil?

(..) Han «dyrker kvinnen» som et passivt vesen som ikke vandrer i verden selv, men må bli vist rundt av ham. Denne kjønnsteorien har ingenting med Høysangen å ­gjøre, slår Salomonsen fast overfor Vårt Land.

Og betre blir det ikkje når Sand, etter å ha lese teksten, lukkar boka og går bort til eitt av dei store trea i parken. Javisst er det lattermat for kyniske sjeler. Kva menn er det som slår armane rundt eit tre og erklærer det som symbolet på mannen som skyt opp av jorda. «Fruktbarhet. Elskov», sukkar den henførte kunstnarsjela. 

Skikkeleg drøyt. For det kan vel ikkje vera tvil om kva det er Sand tenkjer med her?  Det er det i alle fall ikkje i professor Salomonsen hovud. Ho har ingen problem med å få det heile omsett frå poetisk til vulgært.

«Aune Sand gjør i stedet treet om til et symbol på «mannen», ­eller på sitt eget erigerte lem. Det er både selvsentrert og vulgært. Aune Sands forestilte erigerte penis har ingenting i dette ­verset fra Høysangen å gjøre», fortel professoren til Vårt Land. Som forøvrig hadde så bråttom med å få denne saka på trykk at den gjekk ut før eigaren av det forestilte erigerte lem hadde anledning til å svara for seg.

Det fekk han først på Dagsnytt atten. Og der kan ein vel kanskje seia at det ikkje akkurat svarte seg å ta den snille tonen. 

Underteikna oppdaga først innslaget litt utpå kvelden. Då hadde hylekoret på Twitter gått på full styrke så lenge at det blei for vanskeleg å la vera å finna ut om det verkeleg var sånn at Aune Sand over natta var blitt eit neddrektig svin.

(Innlegget fortsetter under bildet)

Programleiar Sigrid Sollund lar Salomonsen få forklara si bekymring over Sands tolking i ro og fred før Sand ramlar inn i studio.

Jadå, han leverer eksentrisitet så det held. Er han animert på meir enn poesi, mon? Det kan ein jo komma i stuss over ettersom han plutseleg tillegg den formulerte professoren at ho skal ha snakka om hans erigerte lem. Om så var tilfellet, hadde ho vel for lengst vore konfrontert med noko sånt i ein debatt om objektivisering og vulgaritet? 

Og så kjem han med «fjellkulpen» og «dalsøkket». Ikkje som eit statement. Sand brukar eufemismane i ei nekting for at han nokosinne ville snakka om noko kvinne på den måten offentleg.

«Men du gjorde det akkurat», kontrar programleiaren. Vårt Lands Berit Aalborg følgjer seinare på kvelden opp med å posta sekvensen frå studio på Twitter og anbefaler folk som lurer på kvifor professoren har kritisert Sand for «nedvurderende hyllest av kvinnen», om å ta ein kikk på klippet. 

Så då er det bevist. Aune Sand er eit objektiviserande vulgært svin som, på toppen, av alt har feil kjønnsteori. Han tillet seg å tolka eit tre som han sjølv vil og tenkjer med sitt erigerte lem. Konfrontert med det, held han attpå til ikkje berre roleg kjeft og tar imot oppstraminga på riksdekkjande tv med bøygd hovud. No pun intended.

Då er det vel glasklart at er langt igjen til alle menn har regulert sitt begjær og sitt kunstnariske uttrykk til gjeldande feministiske rundskriv for korleis slikt skal føregå. Og før den tid, er det sjølvsagt nødvendig og som det skal vera, at menn roleg må finna seg i å få sine erigerte lem trekte inn i det offentlege ordskiftet av samansnurpa munnar og teologiprofessorar som tydelegvis er like allvitande som den Vårherre dei studerer.

Kva som hadde skjedd om ein mannleg professor i ein kritikk av ei kvinneleg kunstnar hadde begynt å snakka om hennar våte kjønn, trengst det neppe guddommeleg allviteri for å ha omtrentleg peiling på. 

Men det er sjølvsagt noko heilt anna.

Powered by Labrador CMS