Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.
Konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media. (Erik Waatland)

Polaris Media blir hovud­aksjonær i Mediehuset Sunnhordland

Mediekonsernet satsar i ny region.

Polaris Media kjøper 51 prosent av Mediehuset Sunnhordland, som held til på Stord i Sunnhordland, kjem det fram i ei børsmelding onsdag.

Mediehuset Sunnhordland er et minikonsern som eig og gir ut Sunnhordland og Bømlo-Nytt, med geografisk fokus på Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes og Kvinnherad. Mediehusa har eit samla opplag på om lag 10.000.

Lokalavisa har lang historie som eigd av familien Hystad på Stord. Det 118 år lange eigarskapet er no redusert til 49 prosent.

– Me har kjent Polaris Media lenge, og har mellom anna eit godt samarbeid på teknologiutvikling og teknologiske løysingar i dag. Me har erfart at Polaris Media har same genuine ynskje om å utvikla lokale og regionale mediehusposisjonar som oss, og har samanfallande strategi på trykk og distribusjon, seier Reidar Hystad, dagleg leiar i Mediehuset Sunnhordland, i børsmeldinga.

Konsernet omsette i 2019 for 88,3 millionar kroner og fekk eit driftsresultat på 5,3 millionar kroner.

– Mediehuset Sunnhordland består av sterke merkevare med lang historikk. Selskapet har på ein imponerande måte lukkast som frittståande mediehuskonsern i eit raskt skiftande medielandskap, både gjennom godt arbeid og dyktige medarbeidarar lokalt, og partnarskap på område kor det har vore krevjande å stå åleine. Me ser fram til å jobba endå tettare saman med dagens leiing, tilsette og eigarar for å bidra til at Mediehuset Sunnhordland lukkast endå betre i framtida, seier Per Axel Koch, konsernsjef i Polaris Media, i børsmeldinga.

Han legg til:

– Samstundes er satsinga i ein ny region, Polaris Media Vest, viktig for å styrkja den nasjonale posisjonen til Polaris Media, og forankra konsernet som ein endå sterkare nasjonal aktør både innan mediehusverksemd, trykk og distribusjon.

Koch ynskjer ikkje å kommentera kjøpesummen.

  • For ordens skuld: Journalist Ole Alexander Saue har tidlegare arbeidd som sommarvikar i Sunnhordland i 2016 og 2017.
Til toppen