Redaktør Hege Frostad Dahle i Sande Avis.

Redaktør i Sande Avis sluttar: – Tungt og vemodig

Redaktør og dagleg leiar Hege Frostad Dahle i Sande Avis vert kommunikasjonssjef i Vestre viken HF.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Etter seks år sluttar Hege Frostad Dahle som redaktør i Amedia-avisa Sande Avis, for å bli avdelingssjef for kommunikasjonsavdelinga ved Vestre viken HF.

– Det blir tungt og vemodig. Det er mitt vesle hjartebarn, og me har gjort mykje saman. Me er blant dei avisene i Norge som har den heitaste debatten og det høgaste debattklimaet i lokalmiljøet. Det har vore omfattande og krevjande politisk, seier Frostad Dahle til Medier24.

– Kvifor sluttar du?

– Ein blir jo etter så mange år i ein så krevjande jobb litt svolten på eit større kollegium. Ein blir veldig åleine i slike aviser som me er, og ein har behov for litt utfordringar. Då denne moglegheita kom, så tok eg sjansen, seier ho til Medier24.

– Har hatt eit godt forhold til dei

Når ho forlét bransjen, og blir kommunikasjonsrådgjevar, er det for å dyrka eige spesialfelt i journalistikken.

– Eg vil først understreka at eg ikkje kallar dette «den mørke sida». Det er ikkje som å selja sjela si, men å stå for informasjonen om det som har vore mitt spesialfelt gjennom journalistkarrieren. Eg tek mitt eige spesialfelt og gjer det til meir av arbeidskvardagen, seier ho til Medier24.

– Kva blir det første du gjer når du byrjar i jobben?

– Det veit eg faktisk ikkje heilt. Det skjer mykje spanande der, og det skal mellom anna byggjast eit nytt sjukehus i Drammen. Men eg er òg oppteken av å få fram menneske og informera om alle flinke folka i krikar og krokar. Ein viktig del av det å skapa ei god merkevare er å løfta fram folka.

I vår gjekk det føre seg ein omfattande debatt om helseføretaka si informasjonsplikt til media, etter at Helse Vest slutta å gi informasjon om pasienttilstand til media etter ulukker.

Frostad Dahle er ikkje budd på å ta fatt på den problemstillinga når ho byrjar i den nye jobben.

– Me har hatt eit veldig godt forhold til Vestre viken HF frå før. Der får du informasjon om tilstanden til pasientane, så det har ikkje vore eit problem for oss. Eg vil ikkje tru det blir ei utfordring framover heller. Me har vaktturnus som gjer at me skal vera tilgjengelege for media heile tida.

Dagleg leiar i lampebutikk

Den avtroppande redaktøren jobba med journalistikk sidan ho var 14 år, og har vore innom ei lang rekkje redaksjonar, både som journalist og redaktør. Ho hugsar spesielt 

– Eg har livnæra meg av journalistikk oppgjennom åra, og har jobba i bransjen sidan eg var 14 år, seier Frostad Dahle.

Ho hugsar spesielt godt då ho måtte forlate journalistikken fordi mor hennar ville bli ordførar.

– Eg jobba som frilansar i Tønsbergs Blad og var på veg til å få fast jobb då mor mi slapp bomba om at ho skulle stilla som ordførarkandidat for 16 år sidan. Då slutta eg og vart – av alle ting – dagleg leiar i ein lampebutikk. Då eg såg at ho ikkje ville bli attvald, søkte eg på jobben som journalist i Jarlsberg avis og var attende i bransjen.

Powered by Labrador CMS