Reidar Kjæstad har vært ei kjend stemme i NRK Hedmark og Oppland dei siste 11 åra, men no er det slutt.

Reidar Kjæstad forlèt NRK etter 11 år: Blir sportsleiar i GD

– Eg er veldig glad i den lokale idretten, og gler meg til å fordjupe meg i alle dei gode historiene eg veit finst der ute, seier han til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Reidar Kjæstad har jobba i NRK Hedmark og Oppland dei siste 11 åra, men no er det slutt. No blir han sportsleiar i Gudbrandsdølen Dagningen, og gler seg til å ta fatt på nye oppgåver. 

– Eg er veldig glad i den lokale idretten, og gler meg til å fordjupe meg i alle dei gode historiene eg veit finst der ute. GD er ei avis eg har vakse opp med, som i stor grad er eigd av gudbrandsdølane sjølv, og mange har eit eigarskap til. Eg håpar eg kan vere med og lage innhald som gjer at folk i området vil halde fram med å setje pris på avisa si, seier han til Medier24.

Det var avisa Fjuken som først omtalte jobbskiftet. 

Det er med tungt hjarte at han forlèt gode kollegaer i NRK, men han trur det er på tide at hedmarkingane og opplendingane får høyre nokre nye stemmer på radioen. 

– Det blir rart å slutte i NRK etter å ha vore der i over 11 år, men samtidig tenkjer eg at det er på tide at folk i Hedmark og Oppland får høyre nokre nye stemmer på radioen. Eg reknar med at dei byrjar å bli lei av meg. Eg kjem til å sakne dei gode kollegaene mine, men veit at det finst ålreite folk også utanfor rikskringkastinga, seier han. 

Powered by Labrador CMS