Dagleg leiar Merete Mandt Larsen i Mediebyråforeningen

Reklamesal via mediebyrå ned 380 millionar kroner til no i år

Men Mediebyråforeningen håpar på ein oppsving i haust etter annonsevekst i august.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Ferske tal frå Mediebyråforeningen sitt Mediebarometeret viser at reklameomsetnaden via mediebyrå etter årets første åtte månadar er ned 380 millionar kroner – eller 5,9 prosent, kjem det fram i ei pressemelding.

Likevel var det positive rørsler i reklamemarknaden i august månad samanlikna med same periode i fjor.

– Me ser ein liten oppgang i august månad samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Så får me håpa at dette er berre starten på ein opptur før hausten 2019. Det står att å sjå – og det er lov til å håpa, seier dagleg leiar Merete Mandt Larsen i Mediebyråforeningen i ei pressemelding.

Både tv og internett viser vekst i reklameomsetnaden i august.

Samla er likevel tv ned 8,1 prosent og internett ned 1,4 prosent.

– Slik sett har internett gode moglegheiter til å komma på den positive sida – og det kjapt. Det skal ein veldig god haust til for at tv skal klara det tilsvarande, seier Mandt Larsen.

Powered by Labrador CMS