Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg. (Ole Alexander Saue)

Hanna Relling Berg innstilt som styreleiar i Norsk Redaktørforening

Heile styret er på val, står det i valkomiteen si innstilling til årsmøtet i Norsk Redaktørforening.

Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg, som no er fungerande styreleiar i Norsk Redaktørforening, er innstilt som leiar i Norsk Redaktørforening.

Ho tok over etter at mangeårig Aftenposten-veteran Harald Stanghelle gjekk av i fjor haust.

NR sitt landsmøte finn stad i Bergen 8. mai.

Innstilling, faste medlemmar:

  • Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør Sunnmørsposten, leiar.
  • Eirik Hoff Lysholm, sjefredaktør Dagsavisen, nestleiar.
  • Olav T. Sandnes, ansvarleg redaktør TV2.
  • Thor Gjermund Eriksen, kringkastingssjef NRK.
  • Jan-Eirik Hanssen, sjefredaktør Avisa Nordland.
  • Tora Bakke Håndlykken, nyheitsredaktør Verdens Gang
  • Britt Sofie Hestvik, ansvarleg redaktør Kommunal Rapport.
  • Bjørn Rønningen, sjefredaktør Hitra-Frøya
  • Ingeborg Heldal, sjefredaktør Kvinner og Klær (KK)

Varamedlemmar:

  • Irene Halvorsen, sjefredaktør Nationen. (fast møtande)
  • Sigvald Sveinbjørnsson, ansvarleg redaktør Bergensavisen
  • Christina Dorthellinger Nygård, redaktør for visuell kommunikasjon, NTB
  • Steinulf Henriksen, sjefredaktør Troms Folkeblad
  • Eirik Hammersmark Winsnes, utviklingsredaktør Aftenposten.

Valkomiteen i Norsk Redaktørforening består av leiar Grethe Gynnild-Johnsen, Ove Mellingen, Kjersti Moen og Kim Riseth. Dei er òg alle på attval. 

Til toppen