NRKs Ronny Brede Aase vant Kringkastingsprisen 2019
(Foto: Jonas Jeremiassen Tomter)

NRKs Ronny Brede Aase vant Kringkastingsprisen 2019

I sitt siste år som programleder for P3morgen, mottok Ronny Brede Aase Kringkastingsringens kringkastingspris.

– Tusen takk, var stort sett det Brede Aase fikk sagt da han mottok prisen under onsdagens P3morgen-sending, skriver Kringkastingsringen i en pressemelding. 

Kringkastingsringen er en medlemsorganisasjon som arbeider for mest mulig nynorsk, dialekt og samisk i radio og tv. Prisen går til en stemme som utmerker seg med godt språk i radio eller tv, som på en god måte bruker dialekt eller nynorsk i sitt daglige arbeid, heter det i pressemeldingen. 

Den har blitt delt ut hvert år siden 1978, og har blant annet gått til Ingerid Stenvold og Are Kalvø tidligere.

Les begrunnelsen her:

«Kringkastingsringen er ein liten medlemsorganisasjon som elskar radio og som elskar nynorsk. Aller mest elskar me nynorsk på radio. I dag er me her for å dele ut Kringkastingsprisen, moglegvis den aller gjevaste prisen av dei alle. I meir enn 40 år har prisen gått til journalistar som konsekvent nyttar dialekt eller nynorsk på ein framifrå måte. I år går prisen til ei av dei trivelegaste røystene i eteren - som på ein framifrå måte brukar dialekt OG nynorsk i det daglege arbeidet. Den går til førdianaren som har losa oss gjennom nesten 3000 morgonar på klingande sunnfjordsdialekt. Gjennom si openheit og stoltheit for dialekta, har han vore med på å gjere mange andre unge stolte over språket sitt og heimstaden sin.
Vinnaren har allereie fått det som finst av nynorske medieprisar, og med denne er det full pott på nynorskpris-fronten. Me føyer oss no inn i rekka av dei som vil prise din kjærleik til ditt språk og di dialekt. Me i Kringkastingsringen vil takke deg for at du gjev eit ansikt til nynorsken og til Sogn og Fjordane, berre gjennom å vere deg sjølv. Kringkastingsprisen 2019 går til The Voice of Norway, heile Noregs stemme eller på samisk Olles Norgga Jietna - Ronny Brede Aase. Gratulerer!»

Til toppen