Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende.
Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende. (Foto: Ole Gunnar Onsøien)

Schibsted vrakar økonomisatsinga Sysla

– Stikk litt i hjarta, seier sjefredaktør Øyulf Hjertenes i Bergens Tidende til Medier24.

Måndag kom meldinga om at Schibsted satsar tungt på næringsliv og skal tilsetta opp mot 30 nye journalistar.

Økonominettstaden E24, som tidlegare har vore eigd av VG, får no Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og Aftenposten inn som eigarar. No skal alt næringslivsnytt hos Schibsted-avisene publiserast på E24, men sakene vil bli fronta på fronten til alle avisene i konsernet.

Som ein direkte konsekvens legg Schibsted ned økonomisatsinga Sysla, som vart starta i 2014, stadfestar Siv Juvik Tveitnes overfor Medier24.

– Sysla slik me kjenner det vil bli lagt ned som merkevare og gå inn under E24-merkevara, seier konserndirektør Siv Juvik Tveitnes for Schibsted Media til Medier24.

Det var Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad som for fem år sidan lanserte Sysla.no, som ein næringslivsnettstad med nyheiter frå næringane olje og energi, havbruk, maritime industriar og fiske.

 

– Kan Statoil byta namn, kan me

Alle dei noverande tilsette i Sysla-redaksjonen vil gå inn i den nye Schibsted-satsinga, opplyser sjefredaktør Øyulf Hjertenes i Bergens Tidende til Medier24.

– Det stikk litt i hjarta. Samstundes har det alltid vore ein ambisjon for oss å nå ut til fleire og bli store. Det får me moglegheita til no, seier han til Medier24.

Han legg til:

– Når Statoil kan byta namn til Equinor, så kan òg me byta namn på Sysla.

– Utgangspunktet vårt for den nye finanssatsinga er å starta med Sysla-redaksjonen. Me har no fem årsverk der, og me skal dobla den innsatsen. Her i Bergen er planen å ha ni eller ti journalistar.

I vår gjekk Sysla inn i eit redaksjonelt samarbeid med Polaris-avisene Sunnmørsposten og Adresseavisen for næringslivsnytt langs heile vestlandskysten. Det samarbeidet går no i vasken.

– Me har interesse av å samarbeida vidare med Polaris, men så langt har me ikkje kome, seier Juvik Tveitnes til Medier24.

 

Tapte 83,5 mill. på få år

Sysla.no har tidlegare vore drifta av Schibsted-eigde BetaVest, men vart i sommar fusjonert inn i Bergens Tidende.

BetaVest omsette i fjor for 9,3 millionar kroner og gjekk på eit sviande underskot på 14,3 millionar kroner før skatt. Totalt tapte BetaVest 83,5 millionar kroner sidan 2015.

Inntektene frå BetaVest kom stort sett frå Sysla.no, men tapet skuldast i tillegg kostbar produktutvikling som ifølgje avtroppande Schibsted-direktør Sturle Rasmussen kom heile konsernet til gode. Dagens Næringsliv omtalte saka i 2018.

– Er dette ei erkjenning av at Sysla-satsinga ikkje nådde opp til forventningane?

– Det me gjer no er å satsa endå betre. Det Sysla har gjort er veldig imponerande, og dei er tett på næringane langs kysten. Dei er tett på næringslivet og lagar relevante saker som står seg sterkt journalistisk. Me ynskjer å byggja vidare på det. I Schibsted har me ein unik styrke med mediehus langs kysten, som er nært næringslivet, seier Juvik Tveitnes.

– Me skal berre styrka Sysla sin strategi. Det må meir til, legg ho til.

Hjertenes seier til Medier24 at Sysla har hatt ei positiv utvikling den siste tida.

– Inntektene i Sysla har hatt ein fin auke i 2019, og me går no med overskot. Me har fått til mykje, og samstundes trur me at me kan få til endå meir i det samarbeidet me no går inn i.

Til toppen