Vebjørn Selbekk (Dagen).

Selbekk på Debatten: – Stor feil å nekte Lurås medlemskap i Redaktørforeininga

Torsdag vart nettstaden Resett debattert i beste sendetid på NRK.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag kveld var nettstaden Resett tema på Debatten på NRK. Med i panelet var både Harald Klungtveit (Filter Nyheter), Sveinung Rotevatn (V), Lars Akerhaug (Resett), Per-Willy Amundsen (FrP) og Vebjørn Selbekk (Dagen), med fleire.

– Eg vil informere ulike bedrifter om at Resett ikkje er ei avis, men kampanjeblogg. Mange trakk seg fordi dei ikkje visste kva Resett var, sa Venstre-politikar Sveinung Rotevatn om kvifor han bidrog i kampanjen mot nettstaden på Twitter førre veke, der han informerte ulike selskap om at dei annonserte på Resett via Google sin annonseplattform AdSense.

Sveinung Rotevatn (V).

 

– Amundsen boikotta medier

Frp-politikar Amundsen var sterkt kritisk til at Rotevatn gjekk aktivt ut – og meiner det kan sjåast på som maktmisbruk.

– Eg tykkjer det Rotevatn gjorde på mange måtar var illiberalt, udemokratisk og bidreg til å stramme inn ytringsfridommen i dette landet, sa han.

Til det svarte Rotevatn:

Per-Willy Amundsen (FrP)

– Fine skuldingar av ein tidlegare statsråd som boikotta medier, sa Rotevatn og viste til Amundsen sin boikott av Nordlys.

 

– Vanskeleg å gå inn i enkeltsaker

TV-meldar Christopher Pahle var òg med i debatten. Han og programleiar Fredrik Solvang gjekk gjennom ei lang rekkje Resett-artiklar som Akerhaug måtte svare på.

Deriblant ei sak der Resett hadde omtalt ei enkelthending med ein 17 år gammal afghanar som om det skjedde med «nordmenn».

– Korleis forklarar du at ein 17 år gammal afghanar blir til «nordmenn»? spurde Solvang.

– Det er vanskeleg å gå inn i enkeltsaker på ståande fot.

Fleire av debattantane gjentok at Resett ikkje driv med journalistikk. Rotevatn viste spesielt til Norsk Redaktørforening nekta Lurås innpass. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk meiner dei med det gjorde ein stor feil.

Fredrik Solvang i NRK.

– Redaktørforeininga gjorde ein stor feil ved å nekte Lurås medlemskap. Då kunne me haldt Resett ansvarleg. PFU har òg sagt at dei ikkje behandlar Resett. Då er det ingen insentiv for Resett å handla etter det etiske regelverket, sa Selbekk.

Filter Nyheter-redaktør Harald Klungtveit har vore aktiv i debatten om nettstaden, og drog fram dømer på det han meiner er personretta kampanjar. Spesielt viste han til omtalen av samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali.

 

Tek sjølvkritikk

Harald Klungtveit (Filter).

På det tok Akerhaug kritikk.

– Det er ikkje urimeleg at Sumaya vert utsett for kritikk, men det kan ha blitt litt mykje omtale av ho i våre spalter. Me har dempa dekninga av ho, sa ho.

– Me har orsaka sterkt nedsetjande kommentarar, og set pris på kritikken, gjentok Akerhaug.

Seinare i Debatten spurte Solvang om kvifor Resett publiserer namn på personar som trykkjer «like» på ein tweet. Han viste til denne artikkelen frå i vinter.

– Me fann det journalistisk interessant, seier Akerhaug.

– Kvifor er det journalistisk interessant? spurte Solvang.

– Eg tykkjer det er interessant å sjå kven dei er, kva menneske dei er og så var det ikkje minst interessant å høyre kva desse personane meinte.

Per-Willy Amundsen (FrP) og Lars Akerhaug (Resett).

 

Klungtveit oppringt på natta

Òg Klungtveit stilte spørsmål ved Resett si offentleggjering av enkeltpersonar.

– Eg fekk oppringingar av folk som kalla meg «pakk» og «kryp» og liknande etter at Resett publiserte namnet og nummeret mitt på Resett, seier han.

På spørsmål om føremålet med Resett sa Akerhaug at han ynskjer å bidra med alternative innfallsvinklar på saker som etablerte medier skriv om.

– Me ynskjer å etablere oss som eit alternativ til dei store media, og me ynskjer å bli ei fullformat avis som dekkjer nyheiter på same måte som dei store media gjer, med andre innfallsvinklar.

Powered by Labrador CMS