Astrid-Helen Holm er Side2s nye redaktør.
Astrid-Helen Holm er Side2s nye redaktør. (Bilde: Guro Holmene / Nettavisen)

- Side2 skal vere lettbeint og gøy, men også med plass til meir seriøse tema

Fersk redaktør Astrid-Helen Holm kjenner seg ikkje igjen i all «Gullbarbie»-kritikken: - Vi drar ikkje fram nakenheit der det ikkje trengs, seier 25-åringen.

  • Endret

Først publisert på Framtida.no, og publisert på Medier24 etter avtale. 

 

– Eg er glad for at eg var 17-18 år før eg vart aktiv i sosiale medier. Ein har nok ikkje det same filteret når ein er 13-14 år gamal, seier Astrid-Helen Holm.

25-åringen er den nye redaktøren i Nettavisen si kvinnesatsing Side2. 

Framtida møter henne til ein samtale om nokre av dei spennande utfordringane mediebransjen står ovanfor.

Ifølgje Holm er Facebook «superviktig». Instagram er ei anna plattform der målgruppa, kvinner mellom 18 og 35 år, hentar informasjon og nyheiter. Holm skildrar ei moderne kvinne anno 2017 som uredd og reflektert, ei kvinne som både er oppteken av det som skjer i verda og av det nære.

 

– Det går mykje i SKAM, the Kardashians og andre kjendisar, fortel Holm.
– Det går mykje i SKAM, the Kardashians og andre kjendisar, fortel Holm. Bilde: Åsmund H. Eikenes / Framtida.no

– Må ha filter

Den ferske redaktøren har erfaring frå ungdomsredaksjonen i lokalavisa i Østfold, samt som nyhendejournalist, tilkallings- og ferievikar i VG og NRK før ho kom til Nettavisen. Lesarane ho skriv for er opptekne av popkultur, mote, skjønnheit, livvstil og sosiale medier. Om lag halvparten av innhaldet hentar Side2 frå ein stall av bloggarar, og snart også frå Holm sin private blogg.

– Det har vore naturleg for meg å aktivt bruke sosiale medium. Eg synest det er fint at folk deler. Men ein må ha eit filter, seier ho.

Som redaktør for Side2 har ho oppgåva med å filtrere kva titusenvis av norske kvinner skal lese og bli påverka av.

– Vi ser etter spennande stemmer, personar som har eit skråblikk på verda, fortel ho.

Holm understrekar at Side2 skal vere lettbeint og gøy, men at det også skal vere plass til meir seriøse tema, slik som som til dømes psykisk helse og einsemd. Ho fortel at jobben hennar i stor grad handlar om å ha overblikk over det folk er opptekne av og kva som rører seg i sosiale medium.

 

Nominert til årets Gullbarbie

Rett før Holm tok til i redaktørjobben vart Nettavisen sine Side2 (for kvinner) og Side3 (for menn) nominert til årets Gullbarbie 2016 av Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press. Saman med Brun og Blid og Bik Bok er dei «best på å få ungdom til å føle seg verst».

I nominasjonen av Side2 og Side3 heiter det at «desse sidene er bygde på gamle kjønnsroller og svært seksualiserte saker».

– Eg kjenner meg ikkje igjen i alt. Ein skal høyre på kva som blir sagt, og så ta ei avveiing om ein er einig eller ikkje, svarar Holm.

Ho fortel at dei ikkje retusjerer bileta dei nyttar til illustrasjon i sakene, og at dei tenker på bruken av hud for å promotere innhaldet.

– Vi drar ikkje fram nakenheit der det ikkje trengs. Men der det er relevant, meiner eg vi skal ha det.

 

Rykter og reklame

Medielandskapet er ikkje det same etter den amerikanske presidentvalkampen, og stempelet #FakeNews vert kasta frå alle sider i debatten om kven som har rett faktainformasjon. Holm skildrar balansen som spennande, sjølv om det gir nokre konkrete utfordringar.

– Vi må etterstrebe faktasjekk. For oss er det mest aktuelt i kjendissaker, og der er det stort sett rykter som går. Vi hentar sakene frå kjelder vi meiner er truverdige. Eg meiner det er greit å publisere ryktesaker dersom vi tydeleg merkar at det er det det er, seier ho.

Mediebransjen møter også utfordringa med å blande redaksjonelt og betalt innhald. Holm meiner at dei fleste bloggarane har blitt betre til å merke annonseinnhald. Ho fortel at standarden dei fleste rettar seg etter erei setning i kursiv øvst til høgre på dei betalte postane.

– Vi gjer ikkje redaksjonell fronting av bloggar som er betalt for, konstaterer ho.

 

– På fritida trener eg og lyttar til HipHop og R&B, fortel redaktøren.
– På fritida trener eg og lyttar til HipHop og R&B, fortel redaktøren. Bilde: Åsmund H. Eikenes / Framtida.no

– Vi kan alltid bli betre

Bloggarar vert ofte trekt fram som førebilete for unge kvinner. Framtida.no spør om Holm har ein plan for at stemmene som får spalteplass på Side2 skal representere eit mangfald i kropp, hudfarge og bakgrunn.

– Eg tenker at vi har litt av alt. Vi kan alltid bli betre, men eg synest vi har eit mangfald. Men ein kan alltid ha det i bakhovudet, seier ho.

– Får vi sjå ein bloggar med minoritetsbakgrunn på Side2 i løpet av våren?

– Det skal ein ikkje sjå vekk ifrå. Hmm, du satte meg på ein idé der, kanskje vi burde gjere noko der, seier ho, og legg til at det også set krav til at nokon har lyst til å skrive og dele frå sitt perspektiv.

 

Grensesprengande

Etter den første veka i den nye jobben er redaktøren ved godt mot. Holm medgir at ho likar at det er både litt press og litt stress. Framover vil ho arbeide for å få fleire bloggarar som meiningsbærarar.

– Eg er på jakt etter fleire tøffe jenter som meiner annleise ting. Vi skal vere grensesprengande, avsluttar ho.

 

 

Til toppen