Oppe frå venstre: NRK-programleiar Fredrik Solvang, Bjørnar Moxnes (Raudt), Torbjørn Røe Isaksen (H), Erna Solberg (H), Sylvi Listhaug (Frp) og Trine Skei Grande (V).

Sjå NRK sin valkamp-promo med politikarar som «ehm-ar» 80-talshiten «The Final Countdown»

– Me diskuterer valkamp nesten kvar dag i NRK, men hovudsatsinga startar 12. august, seier Aksel Helgheim, prosjektleiar for valdekninga i NRK, til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Lokalvalet 2019 er like om hjørna, og dei største mediehusa er allereie i gang med valkampen som i desse dagar byrjar å ta form.

Blant dei som naturlegvis satsar tyngst på årets val er NRK, og debattleiar Fredrik Solvang publiserte onsdag denne videoen på Twitter som opplading:

– For oss er avsparket for valkampen måndagen under Arendalsuka, seier prosjektleiar Aksel Helgheim i NRK til Medier24.

Valdagen er 9. september.

 

Utandørsdebatt

Då er det partileiardebatt, som vert flytta frå Kulturhuset til Barbu park, dersom vêret tillèt det.

– Me diskuterer valkamp nesten kvar dag i NRK, men hovudsatsinga satsar altså 12. august. Avslutninga er med partileiardebatt frå Samfunnet i Trondheim den 6. september, seier Helgheim vidare.

– Kva planar har de for dekninga?

– Me har ei stor og omfattande dekning, der me dreg nytte av at me er til stades i heile landet, og forsøker å vise at dette er eit kommune- og fylkestingsval, seier han.

Det var lang kø utanfor Arendal Rådhus og kulturhus allereie to timar før partileiardebatten 14. august 2017, før Stortingsvalet.

– I tillegg nyttar me òg partileiarprofilane, fordi dei er kapteinar for valorganisasjonane, og det kan vere med på å løfte interessa, legg han til.

NRK var først ute med sin Valgomat, og Medier24 skreiv 9. juli at testen hadde blitt fullført over ein halv million gongar på berre ei veke.

– Me er allereie ute med Valgomaten, som er blant dei store satsingane våre. Den består av 2.000 påstandar som er henta inn frå heile landet, seier Helgheim.

 

Publikum får bestemme

Nytt for året er at dei no skal la publikum ta del i utforminga av debattane.

Aksel Helgheim i NRK.

– No kan publikum vere med og bestemme deler av innhaldet i kva duellar me skal ha mellom toppolitikarane, seier han.

– Kvifor gjer de det?

– Det gjer me fordi publikum forventar å vere meir med enn før, då det berre er eit par tastetrykk unna innhaldet. Folk vil i større grad vise kva dei meiner, seier Helghiem.

Han fortel om fem store folkemøte, og ei rekkje mindre. Mellom anna skal dei innom Tromsø, Lofoten, Bergen, Flåm og Drammen.

Powered by Labrador CMS