Debatt

Sjå på lønsstatistikken, så ser du kvifor vi søkjer oss bort

«Vi er fjorten personar som har noko til felles. Vi er alle klubbleiarar for nokre av Norges dårlegaste betalte journalistar», skriver 14 Amedia-klubbledere.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • SIRILL HEIMDAL, klubbleder Avisa Nordhordland. Skriver på vegne av totalt 14 klubbledere fra Amedia-aviser (se lista nederst i innlegget). 

Vi elskar livet i lokalavis. Her får vi jobbe med alt frå saker om kva vêret blir og kven som blir den nye butikksjefen på Rema, til større og meir krevjande gravesaker. I tillegg til å skrive, tek vi foto, styrer fronten og sosiale medium.

Ein slik kombinasjon kan du berre gløyme i ei større avis. Difor elskar vi lokalavisene. Vi får vere med på absolutt alt, og vi lærer stadig meir.

Lokalaviser er unike. Det finst ikkje ein betre stad å starte som journalist.

Men vi må snakke om elefanten i rommet. Nemleg løn.

Det er på ingen måte meininga å krenke våre eigne aviser eller konsernet vi jobbar i. Løn er eit sårt tema som ein gjerne trer varsamt rundt. Difor blir det kanskje ekstra viktig at vi set søkelys på temaet.

Måndag førre veke publiserte Medier24.no ei sak om at fleire vrakar fast jobb i lokalavisene for vikariat i storbyane. Sjå på til dømes MBL sin lønsstatistikk så forstår du kvifor.

Ta klubbleiar Sirill Heimdal (23) som eit eksempel. Ho har fire års ansiennitet, då ho har bachelor og har jobba eitt år i avisa. Ifølge MBL vil ei kvinne utanfor Oslo med 4–8 års ansiennitet ha rundt 450.000 kroner i fast løn, inkludert personleg tillegg og eit lite stillingstillegg. Plussar ein på blant anna ulempetillegg, opphavsrett og fototillegg, ligg løna fort på over 500.000. Heile statistikken du kan du sjå her.

Heimdal ligg nokre par titusen under 450.000 – og då inkludert alle tillegga.

Er det då rart om ein vel å søkje seg over til ei større avis? Det er ikkje snakk om småpengar.

Sjølv om vi elskar livet i lokalavisene og tillita vi får, så er det ikkje til å stikke under stol at det er ekstremt krevjande. Kvar journalist i avisene vi jobbar i utgjer ein stor del av den faste arbeidskrafta. Ein merkar godt om nokon leverer ei i staden for tre saker om dagen. Vi har eit enormt ansvar for at avisa skal gå rundt. I fleire aviser har ein det fulle og heile ansvaret når ein jobbar kveld eller helg.

Slik beskriv klubbleiar Heimdal kveldsvakt-veka si. I løpet av sju dagar er ho åleine om avisa i omkring 40 timar:

«Eg blir vekka av at telefonen ringer i eitt av lesarar som vil tipse om saker. Sjølv om eg ikkje startar på jobb før klokka 13.00, har eg allereie jobba minst ein time med å svare på alle telefonane, tekstmeldingane og e-postane. Når eg først kjem på jobb, må eg skrive ned tipsa eg har fått og sjekke om det er noko i det. Deretter slår eg av ein prat med kollegaene mine, ser på tala og snakkar om kor flinke vi er. Resten av vakta går i eitt. Eg finn saker, gjer intervju, drar ut for å ta foto, svarar på tipstelefonen, skriv ei sak, redigerar foto, fiksar fronten, legg ut på Facebook og Instagram, skriv ei notis, rykker ut til ei ulykke medan eg sit i kø hjå operasjonssentralen, publiserer tre saker, fiksar fronten og planlegg innlegg på Facebook.

Så pustar eg.»

I løpet av ein dag i ei lokalavis, gjer ein alle oppgåvene til ein heil redaksjon. Dette er arbeidskvardagen til mange journalistar i små lokalaviser.

Det blir fort til at ein jobbar ekstra lenge, og ekstra hardt. Sjølv for ekstra dårleg løn.

Det er ikkje greitt at spriket mellom ei lokalavis og ei større avis, er så stort. Sjølv om mange set pris på stabiliteten fast jobb gjev, så skal det vere berekraftig. Etter kvart som ein har lagt ned ein solid jobb, smakar det ikkje lenger like godt å ta seg til takke med dårleg løn, berre fordi ein får fast jobb tilbake.

Vil du ha betre løn, må du nesten gje opp fast jobb for å kome inn i eit større mediehus. Det hjelper ikkje å ha jobba ti år i ei lokalavis, for ein vikar i redaksjonen vil truleg alltid bli prioritert i staden for du som kjem utanfrå. Skal du ha ein sjanse, må du nesten bli vikar sjølv.

Til slutt må ein gjerne ta ein risiko, og gje opp stabiliteten for å kunne klatre høgare, både i karrieren og på lønsstigen.

Vi krev at det skjer ei solid endring i lønsnivået til lokalaviser. Vi har eit problem om ein brukar lokalavisa som ein kvilestad medan ein ventar på jobb i ei større avis. Lokalaviser treng stabilitet, og journalistar med lidenskap for avisa.

Det kan ikkje vere slik at journalistane tar pc-en under armen og spring vidare så snart dei kan, før dei i det heile tatt veit namnet på ordføraren.

Innlegget er signert av:Sirill Heimdal, klubbleiar Avisa NordhordlandStig Sandmo, klubbleiar Aust-Agder BladTore Buchholdt Espedal, klubbleiar GjesdalbuenBenedicte Adeline Wærstad, klubbleiar HelgelendingenAsgeir Høimoen, klubbleiar Ringsaker BladJarl Rehn-Erichsen, klubbleiar Jarlsberg AvisElin Moen Karlsen, klubbleiar StrandbuenBjarne Benjaminsen, klubbleiar Lofot-TidendeTore Kommedal Asheim, klubbleiar SolabladetEllen Johannessen, klubbleiar GjengangerenFilip Wennerød, klubbleiar Porsgrunns DagbladSondre Lingås Haukedal, klubbleiar Hardanger FolkebladÅsmund A.Løvdal, Ås AvisNina Therese Blix, Lokalavisen Øyene

Powered by Labrador CMS