VG-journalist Lars Joakim Skarvøy møter Medier24 og snakkar om den tøffe tida etter publiseringa av saka om Giske-videoen

Skarvøy opnar opp i Medier24:

Skarvøy tek bladet frå munnen: – Eg har ikkje fabrikkert eit sitat

No tek Lars Joakim Skarvøy seks månadar permisjon frå jobben som journalist i VG.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er nøyaktig ei veke sidan TV 2 publiserte si avsløring om korleis Sofie (27), kvinna på den berømte dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan i februar, opplevde sitt møte med VG og journalist Lars Joakim Skarvøy.

Sidan 4. mars har VG granska saka internt, og klokka 20 onsdag vert rapporten lagt fram.

Medier24 møtte Skarvøy i Akersgata 55 onsdag kveld:

– Saka var mangelfull, me har beklaga publiseringa og me står inne for beklagelsen. Det er ein artikkel som ikkje gir eit dekkjande bilete verken av samtalen eg har hatt med Sofie eller hennar oppleving av kvelden, seier Skarvøy til Medier24.

– Eg har ikkje fabrikkert eit sitat. Det blei til i samtalar og diskusjonar med Sofie og det er basert på hennar opplevingar med Trond Giske på Bar Vulkan. Det er viktig å leggje til at eg har ikkje gjort ein god nok jobb. Eg har gjort ein dårleg jobb i å gjere Sofie førebudd på omfanget og konsekvensane.

– Var det ein off-record samtale ho sa det i?

– Ja.

– Visste ho at ho kunne bli sitert på det?

– Heile premissen for samtalen var at ho skulle fortelje meg om Trond Giske. Det var ikkje eit intervju. Ho skulle også vise meg videoen. Me vart einige om å få eit sitat, det vart justert undervegs – dagen etterpå – etter hennar ynskje. Ho godkjente det sitatet før publisering.

Tilsvar

Sofie (27) besvarte ikke Medier24 onsdag, men  torsdag kveld kom TV 2 med en egen sak med Sofie (27) der hun forteller sine synspunkter på Skarvøys uttalelser. Der sier hun blant annet:

– Det blir bra å slippe det kjøret. Det har vært en lang måned. Men jeg kan ikke la dette stå usagt. Jeg kan ikke bare sette meg tilbake og være tilfreds med dette hvis ikke det blir riktig.

– Han sier indirekte at jeg lyver. Det er det jeg reagerer på. Da står han der og lyver selv. Det synes ikke jeg er greit, sier Sofie.

I intervjuet med NRK sa den permitterte VG-journalisten Skarvøy at han står på sin versjon av saken.

Les hele saken med Sofie her.

  • Kvinna har ikkje svart Medier24 sine førespurnader torsdag.

– Ho forsøkte fleire gongar å få deg til å ikkje skrive det?

– Ho hadde kvelden før sagt at ho ikkje ynskja å medverke i saka. Eg vart beden om å jobbe for å få med hennar stemme i saka den dagen. Det gjorde eg. Eg hadde diskusjonar med Sofie, og til slutt godkjente ho å bli med på å bli sitert. Eg sette eit for stort press på ho for å få ho med i saka. Det er eg utruleg lei meg for, det er mitt ansvar og eg er lei meg for det. Det beklagar eg.

– Er di oppleving at ho har sagt det i den samanhengen, og så har ho trekt sitatet?

– Sitatet skal summere opp korleis ho opplevde møtet med Trond Giske. Ho beskreiv òg opplevinga som litt ekkel, ukomfortabel og litt ubehageleg. Føremålet med «det ble litt mye»-sitatet var å beskrive hennar oppleving i eitt sitat, og få fram at ho både hadde det hyggjeleg, hadde ein fin kveld, men at det i nokre sekund i løpet av den dansevideoen vart litt mykje for ho.

– Kvifor siterte du ho ikkje på at ho opplevde det som ekkelt?

– Ho ynskja ikkje å bli sitert på det, eller andre ting. Me vart einige om dette sitatet.

– Kva tenkjer du om at ho seier til TV 2 at VG teiknar eit feil bilete av situasjonen, dersom ho har sagt det var ekkelt og ukomfortabelt?

– Det eg kan seie er at eg forstå at ho tykkjer vår framstilling gir eit feilaktig inntrykk av kvelden. Hennar forteljing til meg er at ho i nokre sekund tykkjer at Giske var litt ekkel, eller at det vart litt mykje, men at ho personleg ikkje hadde problem med det.

– Forstår du at ho går ut i TV 2 og viser eit så sterkt ubehag ved saka?

VG-journalist Lars Joakim Skarvøy møter Medier24 og snakkar om den tøffe tida etter publiseringa av saka om Giske-videoen.

– Eg har stor forståing for det. Ho er ei ung kvinne utan erfaring med medium. Eg burde teke vare på ho som ein del av saka på ein mykje betre måte. Eg beklagar at ho opplevde møte med meg på ein annan måte.

 

– Kva tek du med deg frå denne saka?

– Eg har lært meg at eg må vere forsiktig med personar som ikkje har erfaring med journalistar og presse. Her var eg for pågåande. Eg burde vore meir omsorgsfull og gitt ho betre tid, og til dømes latt ho lese saka og forklare ho korleis dette ville slå ut. Ho var ikkje førebudd på det, og ansvaret er mitt.

– Leiinga og meg er einig om at eg tek seks månadar permisjon, før me skal avklare mi framtid i VG. Eg skal tenkje mykje på korleis denne saka har vore. Denne saka har vore ein forferdeleg dyr lærepenge for meg.

– Korleis har dette vore å stå i for deg?

– Eg må tole å bli sett i eit kritisk søkjelys. Det toler eg. Eg har gjort feil, og må tole å bli kritisert, sjølv om det er vondt.

– Tykkjer du leiinga har teke tilstrekkeleg ansvar?

– Alle me i VG som har gjort feil tek ansvar. Me skal lære av våre feil.

– Burde saka ha blitt skriven i utgangspunktet?

– Eg er einig med Gard Steiro om at saka har offentleg interesse, men me burde løyst det på ein heilt annan måte.

– Eg skal ta lærdom, men eg er glad for at det vert slått fast i rapporten om at ingenting er fabrikkert.

Powered by Labrador CMS