Mediedebatt: Tage Pettersen (H), Trond Giske (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og kulturminister Trine Skei Grande (V)
Mediedebatt: Tage Pettersen (H), Trond Giske (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og kulturminister Trine Skei Grande (V) (Erik Waatland)

Skei Grande om dagens pressestøtte: – Urettferdig at ti aviser får halvparten

Trine Skei Grande (V) fekk køyrd seg under oppheita debatt om mediestøttemeldinga på Medieleder 2019-konferansen i Bergen onsdag.

– Mediestøttemeldinga går overhovudet ikkje inn i dei djupe trendane, sa ein tydeleg Trond Giske (Ap) under debatten på Hotel Norge onsdag ettermiddag.

Sidan mediestøttemeldinga vart lagt fram i slutten av mars har debatten gått om mellom anna mediestøtte, kvite flekkar, lokalaviser og meiningsberande aviser.

– Dette er ei mediestøttemelding. Dei store utfordringane er tematiske og geografiske kvite flekkar. For å forklare det superkort: For at eit medie skal byggje samfunn, må dei byggje fellesskap og vere ein kanal for frustrasjon, sa kulturminister Trine Skei Grande (V) innleiingsvis.

 

– Gir blaffen i dei større

Med i panelet var òg Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Tage Pettersen (H).

– Gir Skei Grande blaffen i lokalavisene, spurde debattleiar Lilla Sølhusvik.

Til det svarte Sem-Jacobsen:

Trond Giske (Ap) i mediedebatt.
Trond Giske (Ap) i mediedebatt. Foto: Erik Waatland

– Ho gir ikkje blaffen i dei minste, men i dei som er litt større. Regjeringa hjelp ikkje til i utfordringane, dei bidreg ikkje med tiltak, ekstra pengar – men overflytting av støtteordningar.

Giske var spesielt kritisk til mediestøttemeldinga ikkje kjem med konkrete tiltak for å få bukt med annonselekkasjane til globale gigantar som Google og Facebook.

– Mediestøttemeldinga svarar overhovudet ikkje på oppgåva om me ser i ein horisont som mediehusa førebur seg på. Det er ei mediestøttemelding, og ikkje mediemelding. Det er små justeringar i båten, men den svarar ikkje på dei fundamentale endringane me har framføre oss. Eg saknar ei tydeleg målsetjing om kva mediesektor me ynskjer oss, sa han.

 

Mediedebatt: Tage Pettersen (H), Trond Giske (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og kulturminister Trine Skei Grande (V)
Mediedebatt: Tage Pettersen (H), Trond Giske (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og kulturminister Trine Skei Grande (V) Foto: Erik Waatland

– Ingen idear frå Ap

Giske la til:

– Den går overhovudet ikkje inn i dei djupe trendane. Kva gjer digitaliseringa med mediehusa, kva gjer plattformøkonomien med mediehusa?

Skei Grande svarte:

– Om Ap har ein fin modell for å regulere Google, er eg interessert i å diskutere det.

– Eg forstår det er populært å seie her om korleis ein skal ta Facebook og Google, men me får jo ingen idear om korleis ein skal gjere det, gjentok ho.

Kulturminister Trine Skei Grande (V) i mediedebatt.
Kulturminister Trine Skei Grande (V) i mediedebatt. Foto: Erik Waatland

Eit anna uromoment for fleire av dei største mottakarane av pressestønad – som Vårt Land, Klassekampen, Dagsavisen, Nationen og Dagen – er at mediestøttemeldinga vil prioritere dei lokale mediene for å hindre geografisk kvite flekkar på mediekartet. I tillegg ynskjer meldinga at NRK tek grep for å dekkje dei tematisk kvite flekkane.

– Desse avisene får ein veldig stor del av dei statlege pengane. Ti aviser får eine halve potten pressestøtte, medan resten deler på dei resterande millionane. Det er urettferdig, sa ho.

 

Uroa over ny postlov

Sem-Jacobsen er spesielt uroa over avisene som vert ramma om ny postlov som vil kutte distribusjonsdagar til 2,5 dagar i snitt.

– I kombinasjon med ny postlov ryk inntektsgrunnlaget og moglegheita for å utvikle seg for distriktsaviser, regionale aviser og lokale aviser – som har eit ynskje om å gi ut avisene til abonnentar dagleg, sa ho.

– Moss Avis har mista frå 2013-2017 mista over halvparten av annonsekronene. Treng ikkje dei òg hjelp? spurde debattleiar Sølhusvik til Tage Pettersen, som er saksordførar for mediestøttemeldinga.

Tage Pettersen (H) i mediedebatt.
Tage Pettersen (H) i mediedebatt. Foto: Erik Waatland

– Mange aviser treng hjelp, inkludert Moss Avis. Mange gjer det likevel bra. Eg er einig i det Trond Giske seier om at ein må sjå på den store utfordringa som er annonseinntektene for små og store aviser.

Han la til:

– Utfordringa med Google og Facebook er langt større enn mediepolitikken – men likevel viktig for mediepolitikken.

Pettersen seier vidare at han tykkjer Sem-Jacobsen svartmålar situasjonen.

 

Siste nytt rett til din innboks? Meld deg på vårt nyhetsbrev!

* indicates required
 

 

Til toppen