Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende.
Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende. (Foto: Geir Martin Strande, BT)

Julepraten: Morten Myksvoll

– Skrive færre krenkesaker

– Det fører berre til sånne simple reaksjonar der nokon er krenka over at nokon er krenka, seier Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende.

Medier24 har stilt dei same spørsmåla til fleire menneske i mediebransjen før jul. Dette er det Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende, svarte.  

– Kva gjer du i jula?

– Jula mi er todelt. Først heime med familien min, så hjå familien til kjærasten min. Eg gjer minst mogeleg, men det blir nok ein skitur eller to, sidan romjula blir ved Mjøsa. 

– Når slappar du av og kva gjer du i så fall?

– Eg slappar best av med PC-spelet Europa Universalis, men juleferien plar vere relativt PC-fri. Så då tar julekaker, sofaen og bøker over. 

– Kva et de til jul?

– Ribbe av lam til jul, ribbe av svin i romjula.

– Korleis summerer du opp medieåret 2018?

– Metoo på våren, KrF på hausten. Veldig kontrastfylt, altså. 

– Kva mediesak(er) hugsar du?

– KrFs retningsval, fregattforliset og drapet på Jamal Khashoggi. 

– Kva vart årets flause?

– «Pressekonferansen» til Per Sandberg og Bahareh Letnes under Arendalsuka, der PR-rådgjevarar leika journalistar. Det var berre flaut. 

– Kven lagde den beste journalistikken?

– VG har imponert med ei rekke saker, men avsløringa om Tolga-brørne var spesielt god. Eg vart både lei meg og forbanna, akkurat som ei god gravesak skal gjere. 

– Kva bransjeperson inspirerte deg i 2018?

– Aasmund Olavsson Vinje.

– Kva bør bransjen gjer annleis i 2019?

– Skrive færre krenkesaker, som at pratet om kvit jul er diskriminerande for born på Vestlandet, eller at «snille barn»-kravet til julenissen skaper prestasjonsangst. Det fører berre til sånne simple reaksjonar der nokon er krenka over at nokon er krenka. 

 

Siste nytt rett til din innboks? Meld deg på vårt nyhetsbrev!

* indicates required
 

 

Til toppen