Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag tek eit oppgjer med standardspråket til pressa.

DEBATT:

Slepp det andre offisielle norske språket til hos journalistar som vil og kan skrive nynorsk. Det er faktisk ikkje farleg

(KOMMENTAR): Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag tek eit oppgjer med standardspråket til pressa.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • MAGNE AASBRENN, leiar i Noreg Mållag. Kronikken vart fyrst publisert i Dagbladet.

Sist måndag viste Aftenposten at avisa har flytta seg i retning av å sleppe nynorsken til i spaltene, med eit stort oppslått intervju med Aasmund Nordstoga.

Magne Aasbrenn, Leiar i Noregs Mållag

Kulturredaktør Sarah Sørheim i den tidlegare så språkkonservative avisastadfestar endringa i eit intervju med Klassekampen, der ho seier at ho tilhøyrer ein generasjon som har vakse opp med sidestilte målformer der frontane ikkje er så steile lenger.

«Vi er på vei mot et mer avslappet og organisk forhold mellom målformene», legg ho til.

Tidlegare i år har ein sett ei liknande oppmjuking i VG, der den nytilsette redaktøren også seier at nynorskreglane har vore for rigide.

Dermed ser det ut til at to av dei tre store, toneangivande riksavisene har gjort som så mange av oss nå på sommarstid:

Etter å ha grua seg masse og stått altfor lenge på svaberget mens dei har kjent på vatnet, har dei faktisk hoppa i det.

Nå badar dei med nynorsken.

Så opplever dei at dette slett ikkje er farleg eller ubehageleg, nei, det fører slett ikkje noko negativt med seg i det heile tatt.

I det nemnde intervjuet med Klassekampen seier politisk redaktør i Dagbladet, Geir Ramnefjell, at utviklinga i Aftenposten kjem litt overraskande, men at det ikkje ville vere noko stort prestisjetap for Dagbladet å mjuke opp praksisen også.

Da blir den sommarlege oppfordringa frå Noregs Mållag til Dagbladet, grunnlagt av målmannen Hagbard Berner:

– Hopp i det og slepp det andre offisielle norske språket til hos journalistar som vil og kan skrive nynorsk. Det er faktisk ikkje farleg.

Powered by Labrador CMS